Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2013

Internasjonal bokdag
Tirsdag 23.

Odd Nerdrum kontra avantgarde?
Tirsdag 16.

274 forfattarar oppfordrar
Mandag 15.

Vagant leverer
Onsdag 10.

Poeten Ellen Einan er gått bort.
Fredag 5.

Tirsdag 23. April 2013

Internasjonal bokdag

I helga gjekk landsmøtet til Det Norske Arbeidarparti og landsmøtet til Noregs Mållag føre seg. I dag er det internasjonal bokdag, noko eg fekk greie på via vitjingar inn på nettstaden min pga ein tidlegare notis på denne datoen ...

For tida held vi, her i huset, på med å lese romanen Det nye vannet av Roy Jacobsen; faktisk ei skoleutgåve frå 1987 (med spørsmål & arbeidsoppgåver samt etterord, som vi enno ikkje er komne til). Og elles har eg blitt tilbode tre nye diktbøker av folkebiblioteket (siste vekeslutt), desse tre er da:
a) Boka hit, som er eit samarbeid mellom Eivind Natvig, Gro Dahle og Tom Hatlestad, der Gro Dahle har skrive «soga» utfordra av fotoserien...

b) Arild Rein sine 365 dagboksdikt med ramma eitt år, skrivne «på kaféar, i parkar, på venners sofa, i fly, i tog, i bil».

c) Marit Bolsø Brodersens demonstrative Post it Spor tid, spor elv, som krinsar kring postmann og dreg vekslar på biletkunst.

Anna aktuelt: Våren kan eg kommentere slik at våren heilt sør var diametralt ulik mars-april i fjor, medan Blücher-havtåka opererte eit par veker seinare enn vanleg.