Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2013

Internasjonal bokdag
Tirsdag 23.

Odd Nerdrum kontra avantgarde?
Tirsdag 16.

274 forfattarar oppfordrar
Mandag 15.

Vagant leverer
Onsdag 10.

Poeten Ellen Einan er gått bort.
Fredag 5.

Fredag 5. April 2013

Poeten Ellen Einan er gått bort.

Mange søkte inn på artikkel på nettstaden om Ellen Einan dei siste dagane. Først tenkte eg at det var eit Ellen Einan-seminar eller noko slikt. Men det synte seg at ho var gått bort i påsketida.

Charles Ivan Armstrong skriv minneord om henne i Klassempen i dag. Han har skrive inngåande om diktinga hennar tidlegare og frå starten av.

Eit av dei siste dikta (frå bok i 2009) siterer eg her, etter den store boka Samlede dikt, som kom i forfjor:


SÅ VENTE


En gang så forandret.
En gang så bitter.
Så vente.
Vente og lengte.
Så er det døden.
Nett og pyntet.
Hadde jeg noe å miste?



Diktet er så knapt, nøkternt, men set «lys» på noko, på livet, iallfall på det bitre. Eit nytt lys kjem på med spørsmålet som avsluttar diktteksten...

I fjor blei det lagt ned ein Ellen Einan-stein til diktarstien som er plassert på Utne i Hardanger. Da var Ellen Einan for sjuk til å vere tilstades personleg, men var representert ved dotter og son. Einan blei fødd i 1931. Ho har fått fleire prisar, og det går gjetord om diktinga hennar.