|
Burlesk humor
Søndag 12. Juni 2005 |
|
|
meinte Harald Overå (i programmet Poesitid) å finne hos meg i diktet mitt «fire portrett» - og i andre dikt av meg. Burlesk humor lyder vel rett og slett positivt i mine øyro.
Heile programmet 10/6 er forsøkt gjengitt punktvis under «På nrk» under Tilbakemelding. (Sjå nedover sida til datoen 13/6 kjem.)
Burlesk tyder elles «grovkorna» eller noko i den dur. Synonymordboka fortel meg dette. Det er slike greie skussmål som «burlesk» som er nyttige å få. Eg hadde vel ikkje tenkt på humoren akkurat slik, men Harald Overå har sikkert rett (og han har laga utruleg mange program om poesi).
Ein annan ting er at humoren min er ein utlaupar av trønderhumor, for å seie det stutt her, det ligg noko i «Martin Kvennavika» og slikt.
|
|
|
|
|
|