Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2013

Høgtider og kvardagar
Mandag 25.

Fløgstad og Vagant informerer
Mandag 18.

Poesi performance
Tirsdag 12.

Samtidspoesifestivalen i Hamar...
Fredag 8.

Den mest allsidige
Mandag 4.

Mandag 4. Mars 2013

Den mest allsidige

Norsk soge rommar fleire allsidige kulturpersonar. Ein av desse er Ivar Mortensson-Egnund. Frå vårprogrammet til Mållaget Dag noterer vi oss følgjande evenement denne veka:

Torsdag 7.mars: I samarbeid med Diktets Venner:
Ole-Harald Dahl: ”Ivar Mortensson-Egnund.”

Ole-Harald Dahl vil halda foredrag om denne målmannen som var ven av Hulda og Arne Garborg. Han var folkeminnesamlar, politikar, forfattar, journalist, teolog, omsetjar og filosof.
Stad: Dag Bondeheimen, og tidspunkt: kl 19.00.



Slik lyder Mortensson-Egnund si gjendikta velkjende opning på gudediktet «Trymskvida» frå norrøn tid:


Vreid var Vingtor
då han vakna
og hamaren sin
han munde sakne.
Skjegg han riste,
hedna han skok;
tok son åt Jord
om seg å trivle.

Og han dei ordi
aller fyrst kvad:
«Høyr du Loke
her kva eg seier,
som ingen på jord
hell i oppheimen veit:
frå åsgud hev dei
hamaren stoli.»

Gjekk dei til Frøya
i fagre tun,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
«Vil du meg, Frøya,
din fjørham låne,
at eg min hamar
hitte måtte?»

(...)


Loke får deretter bruke fjørhamen til Frøya. Det var jotnane som hadde stole hammaren til Tor (Vingtor), det vil seie Trym & co borte i Jotunheimen. Diktet er reine teateret i dag, og Mortensson-Egnund leverte 32 strofer.