Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2013

Betre helsemessig
Tirsdag 26.

Hedmarken som sentrum
Torsdag 21.

I ein sofa
Mandag 18.

Opptak av Wenche Foss
Onsdag 13.

Sanserik nordnorsk bok
Torsdag 7.

Torsdag 21. Februar 2013

Hedmarken som sentrum

I lang tid har Hedmark, via Flisa og Hamar, vore eit sentrum for moderne poesi gjennom årlege seminar og festivalar. Mange er dei pedagogane i norsk skole som har oppdatert seg på faget, i møtet med moderne poesi gjennom arrangement her. Ein sentral person i den årelange aktiviteten i Hedmark er Ole Karlsen. Førstkommande evenement byrjar om fjorten dagar og er 7.-10. mars .

No alt er så mykje av programmet ferdig spikra at eg vil bidra med nokre lenker plassert her i «Nytt», den neste veka, til somme av dei spesielle deltakarane.





Ps 24/2
Av dei store stjernene på festivalen i Hamar er poetane Øyvind Rimbereid og svenske Anna Hallberg, som begge slo igjennom midt i det førre tiåret. Men festivalen blir også marknadsført ved nykommarar - i sjangren - som Rawdna Carita Eira .


Ps 25/2
Andre gjester som blir presenterte, kan eg bidra med lesing av, dikt & bøker. Dette gjeld iallfall av:

* Paal Bjelke Andersen

* Hanne Bramness

* Anne Bøe

* Rune Christiansen

* Ingrid Furre

* Kjartan Hatløy

* Per Jonassen

* Oddveig Klyve

* Audun Mortensen

* Torgeir Rebolledo Pedersen

Dessutan marknadsfører arrangøren sjølvsagt dei kjende tre: Tua Forsström (finnlandssvensk), Bo Green Jensen (dansk) og Gerdur Kristný (islandsk). Samt boklanseringar, utstillingar, dikt for barn, konsertar, for å nemne noko. Berre gå inn på programmet igjen.



Ps 31/3-13: Tidsskriftet Vagant, v/ Arne Borge, hadde eit fargerikt referat frå Rimbereid-seminaret på Hamar.