Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2013

Betre helsemessig
Tirsdag 26.

Hedmarken som sentrum
Torsdag 21.

I ein sofa
Mandag 18.

Opptak av Wenche Foss
Onsdag 13.

Sanserik nordnorsk bok
Torsdag 7.

Onsdag 13. Februar 2013

Opptak av Wenche Foss

I går var vi på Wenche Foss-film. Det finst redigerte filmopptak av Wenche Foss vandrande rundt på sjukeheimar og aldersheimar i Kragerø kommune; opptaka er frå ein dag i 1993, om lag frå kl 10 til kl 20. Kor lett og fint ho snakka med dei eldste! Sjølv er ho syttito år på det tidspunktet og gjer ein kjempejobb, open og blid og varm og tolmodig med den enkelte. Ho byggjer eldrekontakten sin her på den lange tida si i Kragerø og ikkje minst skjærgården, der ho faktisk forlova seg i 1938, da var ho tjueein år gammal.

Wenche Foss blir ofte nemnd. Til dømes når Ullmann kom tilbake til Nasjonalteateret igjen - og denne gongen er ho regissør - så nemnde ein av hovudrolle-innehavarane i Tsjekhovs ”Onkel Vanja” til TV at det var omtrent som å ha Wenche Foss på teateret, dvs det same store nærveret som hos Wenche Foss . Nærver er nok det rette ordet på dama som både snakka, spelte alt slags teater - og las dikt i kvardagen...