Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2013

Betre helsemessig
Tirsdag 26.

Hedmarken som sentrum
Torsdag 21.

I ein sofa
Mandag 18.

Opptak av Wenche Foss
Onsdag 13.

Sanserik nordnorsk bok
Torsdag 7.

Torsdag 7. Februar 2013

Sanserik nordnorsk bok

I ei bok gjeve ut av Nordnorsk forfattarlag startar Kine Hellebust sine frodige og sanserike diktliner «RYTMISK STILLEBEN – Ode til tørrfesken», på tre sider, slik:



Fesk ved fesk, fesk ved fesk,
heng og heng og heng
på hjell, heng fesk ved fesk, så tørr så tørr
heng fesk ved fesk, på hjell ved hjell...

Førr tørrfesk e ikkje den fesken som svøm,
den her han e open i buken
Open i buken med smak som ein drøm
Smak som ein drøm i buken

(...)


Boka, som har tittelen Noe som er inni noe, rommar fint juryerte jubileums-bidrag frå 17 nordnorske forfattarar. Tittelen er lånt frå eit dikt som innleier boka, Ingeborg Arvola si svært fengande og konkret utforma innbyding til livet og landet - .

Er fersk i trykken januar 2013, men dette er likevel 2. opplag (etter førsteopplaget i fjor), som eg no fekk i hende. Og dette opplaget fortel at det er god etterspørsel etter slik ei vakker og velredigert bok. Det finst dertil ei lydbok med alle bidraga lesne inn, dikt og prosa, alt lese av Sigmund Sæverud og Maryon Eilertsen og Guri Johnson og Bjørn Sundquist.

Den eldste forfattaren som er med, er Gunvor Stornes, fødd 1924. Det var samisk nasjonaldag i går. Eg siterer Gunvor Stornes sitt dikt JOIK under. Og her er elles lenke til gjendikta norsk versjon av den rommelege samiske nasjonalsongen .



eg vil joike deg
joike vinden
når den leiker i håret ditt
eg vil joike glansen
i auga dine
og fjellgraset
som bøyer seg
under foten din
eg vil joike deg