Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2013

Ville markene då eksplodere?
Tirsdag 22.

Samtidspoesifestival i Hamar
Tirsdag 15.

Helge Torvund er oppglødd
Mandag 14.

Ny poesi, ny teknologi
Lørdag 5.

Ein friskare krim?
Fredag 4.

Tirsdag 22. Januar 2013

Ville markene då eksplodere?

Ei afrikansk stemme som vil vere fredskapar, skreiv diktet under. Føre Rwanda-massakren i 1994, blir det opplyst. Og er dette diktet ikkje framleis aktuelt for verda vi lever i?


SKOTVEKSLING OVER MARKENE



Så du trur dette er borgarkrig?
Har leoparden to halar?
Dette er Afrika sin verdskrig:
Granatar frå Russland.
Stridsvogner frå Storbritannia.
Gevær frå Sør-Afrika.
Jagarfly frå Frankrike.
Rakettar frå USA.
Strategi frå Kina.
Kjemikaliar frå uvisst hald.
Kunne det blitt krig utan dette våpenstellet?
Om dei militære var væpna med spyd og piler,
ville markene då eksplodera?
Ville borna stå lemlesta tilbake?


Forfattaren er Patricia Schonstein-Pinnock, ei kvinne som bur i Cape Town. No har Per Olav Kaldestad gjendikta henne og viser til utvalet hennar The Unknown Child (2009). Dikta har mange motiv frå ulike afrikanske land. Forfatteren syner gjennom dikta også styrken i vennskap og kjærleik. Den norske boka har fått tittelen DET UKJENDE BARNET.

Etter både Libya og Mali/Algerie er Afrika drege enda meir inn i analysen av kva som går føre seg i verda. Og afrikanske land må belage seg på vegen som fører inn mellom to djupe grøfter: mellom utbyttande økonomiske stormakter, som ofte er tidlegare koloni-herrar, på den eine sida, og på den andre sida dagens stadig sekteriske, men aukande, terror-krig. Kan hende må dei meir fridomselskande landa av dei gjere det same som Sør-Amerika, samarbeide seg imellom.

Ja, gjendiktaren og forlaget som står for DET UKJENDE BARNET, forlaget MARGbok, slo til i rett tid... Boka finst no i bokhandlarane og i biblioteka.

*

Schonstein-Pinnock blei fødd 1952 i Zimbabwe (Rhodesia), og derifrå flytta ho seinare til Cape Town, Sør-Afrika. Dette blir greit opplyst i boka, som er utstyrt med etterord og med forklåringar til enkelte fakta. Eitt av fleire dikt som er daterte med opplysningane Zimbabwe 2008, er dette teater-aktige:


SEI TIL BROR MIN
Bulawayo, Zimbabwe 2008



Sei til bror min
eg er skinn og bein no.
Leit han opp der i Cape Town,
sei at eg snart ikkje har tak over hovudet
for i mange månader
har eg ikkje hatt pengar til husleige.
Her er ikkje straum.
Vatnet er stengt.
Maten kostar for mykje.
Sei til bror min
at han kjem ikkje til å kjenna meg
for ansiktet mitt er magert.
Eg er eit siv.
Sei til han
at han godt kan senda litt grovt mjøl
eller jamvel litt ris.
Noko lite berre.
Sei til han at me er av same blod.
Han må ikkje gløyma meg.