Heim > Nytt | 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 |
Nytt Jan 2013
Ville markene då eksplodere?
Tirsdag 22.
Samtidspoesifestival i Hamar
Tirsdag 15.
Helge Torvund er oppglødd
Mandag 14.
Ny poesi, ny teknologi
Lørdag 5.
Ein friskare krim?
Fredag 4.
Tirsdag 15. Januar 2013
Samtidspoesifestival i Hamar
Det blir samtidspoesifestival i Hamar dagane 7.-10. mars. Her er stort program og mange gjestande poetar m.m. Dagane er oppkalte etter Rolf Jacobsen.
Ein av dei sentrale deltakarane er Øyvind Rimbereid. Om Rimbereid skal det vere eit todagars seminar med brei nordisk deltaking.
Det har vore mest blest om diktsamlingane til Øyvind Rimbereid. Rimbereid skreiv ei essaysamling i 2006 som kastar ljos ikkje berre over eigen poesi, men kan forklåre den retninga som norsk poesi har tatt, meiner eg, meir og meir dei siste åra, med det likevel enno ikkje innarbeidde omgrepet «topografisk poesi» (står i motsetnad til romantisk poesi). Grunnen til togna er vel at Noreg ikkje sidan 1970-åra har klart - eller våga å prøve - å snakke særleg høgt om teori for samtidspoesi.
Her er min eigen omtale av diktboka Jimmen , i ein artikkel som går inn på poeten Øyvind Rimbereid.