Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2013

Ville markene då eksplodere?
Tirsdag 22.

Samtidspoesifestival i Hamar
Tirsdag 15.

Helge Torvund er oppglødd
Mandag 14.

Ny poesi, ny teknologi
Lørdag 5.

Ein friskare krim?
Fredag 4.

Fredag 4. Januar 2013

Ein friskare krim?

Krimsjangren er ein levande del av romanprosa og av filmmanus; og denne både prøvande og innøvde sjangren aukar i omfang. I kva retning utviklar så krimsjangren seg?

Skjer det i retning av reine underhaldningsbidrag, til dømes i form av større moderne skrekkeventyr for vaksne? Eller vil vi kanskje møte mykje enkel valdsromantikk rundt sterke og usårlege karar? Tida vil vise korleis det går med denne litteraturen.

Ein av dei nyaste og vel yngste forfattarane på krim-scenen her i Norden er Camilla Läckberg, ein svensk komet som skriv frå eit populært utkantmiljø, der det er godt med pengar involvert, nemleg velkjende Fjällbacka i Bohuslän utstyrt med lukurative sommarhus i vakkert sjømiljø. Sidan Läckberg kjenner distriktet frå hennar eigen oppvekst, har ho eit godt grep topografisk, og forfattaren utstyrer sine romanar med sikker kvardagsdialog og bidreg med eit greit og underhaldande innsyn i det fascinerande notidige rundt oss. Ho verkar å vere på høgd med sjangren ho har vald. Det ser ein på den heilt ferske ”Fjällbackamorden”, som nett i desse tider går filma gjennom program på svensk og norsk TV.

Enkelte oppgåtte motetrekk held forfattaren ut med: Det er fint liten distanse mellom politiet sitt privatliv og politiyrket. Om ein kanskje har fått nok av ein meir eller mindre forsoffen eller einsam politi- og detektivhelt i sentrum av forteljinga, så rår Läckberg bot på dette med sitt valde unge samarbeidande ektepar midt i oppklårings-arbeidet rundt dei kriminelle gjerningane.

For eit par år sidan gjorde eg ein kritisk sjekk på krimsjangren og blei ikkje imponert over kvaliteten i det som eg fann. Den gong var også Camilla Läckberg med i den improviserte undersøkjinga mi. Eg fann mykje av galne massemordarar med i det hektiske nordiske materialet på TV-ruta. Likevel har eg ei tru på, når vi skriv i 2013, at enkelte intelligente forfattarar og mange lesande folk ønsker at vinningsbrotsverk får tilbake ein heidersplass i litterære skildringar av mord og faenskap.