Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2012

Klasseanalyse
Mandag 31.

Glad i landet
Lørdag 22.

Det snør, det snør
Onsdag 19.

Bøygen er klår med fest
Lørdag 15.

Frå Grønland (landet)
Søndag 9.

Nils-Øivind Haagensen nominert
Lørdag 8.

Ryktet går for Høghaug
Fredag 7.

Onsdag 19. Desember 2012

Det snør, det snør

Det er Torbjørn Egner-jubileum og jul og barnelitteratur. Noko av det første eg grip til, er vel Egner-versjonen av A.A. Milne sin Ole Brumm, og ikkje minst den nøkterne songen ”Det snør, det snør”:


Det snør, det snør
tiddeli bom
det er det det gjør
tiddeli bom
Nå snør det mye mer enn før
tiddeli bom - og huttemeg tu

Så kaldt det er
tiddeli bom
Jeg kjenner det her
tiddeli bom
jeg kjenner det på mine tær
tiddeli bom - og huttemeg tu


Stadig undrar det meg kvifor ein hugsar så spesielt den første strofa her, medan ein hugsar lett alle strofene på ”Mellom bakkar og berg utmed havet” av Ivar Aasen. På bjørnefiguren Ole Brumm passar nok den andre strofa (sidan bjørnen er berrføtt og kan merke ei brå endring), men ikkje særleg på menneska vanleg ved den første snøen vi får om hausten, den som blir skildra så lekkert og vart i første strofe. Det er eit faktum at folk hugsar godt den første strofa straks dei ser den første snøfilla om hausten, men har vanskar med å komme på framhaldet ”Så kaldt det er”.

Egner hadde fylt 100 år om han levde no. Vi kan vel jamføre han med samtidige Alf Prøysen. Begge to prega den norske sosial-demokratiske etterkrigstida gjennom godt grep på massemedia, med Prøysen mest på TV og grammofon og avis, med Egner som spesialist på teater og lesebøker for allmennskolen, i tillegg til å vere komponist og svært aktiv teiknar. Prøysen sto lengst ute på den politiske venstresida av dei to og hadde ei breiare og sterkare samfunnsskildring, eit stoff som held seg også i dag.

Ein gong tidleg i 1980-åra diskuterte eg med Oktober-redaktør Knut Johansen om kven av dei to, Prøysen eller Egner, som var den største samfunnsaktøren, eg var nokså sikker på Prøysen, og Knut Johansen verka vere like sikker på Egner. Egner er kanskje den aller mest allsidige av dei to, og må kallast multikunstnar, men Prøysen har vist seg som den største forfattaren og den største poeten.



______

I år kom Anders Heger sin biografi om Torbjørn Egner. Her er lenke til Dag og Tids melding av boka.