Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2005

Nordisk veg og Gasspedal
Søndag 29.

Vakkert i plan- og bygningslova?
Onsdag 18.

Møte med Ellen Einan
Onsdag 11.

Nye artiklar
Mandag 2.

Onsdag 18. Mai 2005

Vakkert i plan- og bygningslova?

I staden for å skrive ein roman om kriminell triksing rundt plan- og bygningslova og om pulsen på mange menneske sine lommebøker skriv eg no dikt på det vakre og balanserte i plan- og bygningslova. Å dele på makt er vakkert... Eg koblar det eg skriv til parodiar på og allusjonar til vår norske poetiske samtidsarv, delvis ved namns nemning...

Mykje av råmaterialet til dei nye dikta er skrivi parallelt med Eit hus mellom andre og Slutningar til knes. Og eg ser også på desse to samlingane som eit nødvendig stadium føre det å kunne nytte plan- og bygningslova slik eg gjer det no, og føre det å servere allusjonar slik eg gjer no.

1. Skal eg etter-oppsummere Eit hus mellom andre , vil eg formulere at boka handlar om havet, faktisk fleire konkrete hav, og mine familiære utspring, med ein indirekte plassering av den vakre unge generasjonen frå 1960-åra.

2. Og Slutningar til knes handlar, svært kort, om alle dei ulike sjangrane i poesien (minus haiku og limerick og sonette)og alle dei ulike tilhøva mellom folk og grupper. (I denne boka har poesien trukki den levande naturen inn i eit samspel med folk sine tilhøve seg i mellom.)

3. Den neste boka jobbar med oppdatering til 2005s uttalt konkrete diktsystem, der eg leverer ut og samplar bilete og uttrykk frå plan- og bygningslova saman med den andre ambisjonen min her, som er å lage kikhol til kjende utøvande kunstnarar sine verk, helst poetar sine ord.

Ambisjonen for alle tre bøkene som heilskap formulerer eg no som ein uttalt humanistisk konkret poesi. Får eg lov til å bruke ei slik kort formulering?