Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2012

Norske jødar i 1942
Mandag 26.

Bella Blu på Mono
Tirsdag 20.

Tradisjon med song og tekst
Mandag 19.

Deeyah pris av Norsk PEN
Torsdag 15.

Latinamerikansk i Oslo
Mandag 5.

Satirisk meisterskap og varme
Søndag 4.

Novemberfestival
Torsdag 1.

Mandag 5. November 2012

Latinamerikansk i Oslo

Det kan bli liv i lyrikken, ja! I morgon byrjar ei latinamerikansk temaveke på Litteraturhuset i Oslo. Onsdag kl 20 er undertemaet «latinamerikansk lyrikk fra Vallejo til i dag». Og med «i dag» meiner ein mellom anna Paula Ibaca Núñez, som blei fødd i Chile i 1979. Omtale finst på nettet. Eg har ein mistanke om at det vil bli servert gode gjendiktingar på Litteraturhuset. Til dømes for Paula Núñes, som er både forfattar og performance-kunstnar, og ho er representert i store Verden finnes ikke på kartet. Poeten er sjølv til stades og opptrer saman med dei tre norske gjendiktarane der, det er tre som i høg grad er eigne poetar på norsk: Inger Elisabeth Hansen, Torgeir Rebolledo Pedersen og Pedro Carmona-Alvarez (han fødd i Chile).


Her er min eigen omtale av dei kjende poesiveteranane (som er komne ut på norsk i eigne band): Gabriela Mistral og Cesar Vallejo (pluss den nolevande konkretpoeten Clemente Padin frå Uruguay).



_______
Den same dagen, altså onsdag 7. september. er det eit møte i den store folkebibliotek-serien på Deichmanske bibliotek, Grünerløkka, om deltakande kunst .