Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2012

Norske jødar i 1942
Mandag 26.

Bella Blu på Mono
Tirsdag 20.

Tradisjon med song og tekst
Mandag 19.

Deeyah pris av Norsk PEN
Torsdag 15.

Latinamerikansk i Oslo
Mandag 5.

Satirisk meisterskap og varme
Søndag 4.

Novemberfestival
Torsdag 1.

Søndag 4. November 2012

Satirisk meisterskap og varme

Odd Børretzen er død, blei det meldt i går. Han ville fylt 86 år om kort tid. Forfattar med samfunnsengasjert tekst og med musikalsk variasjon når han song tekstane sine, som var utmerka til kabaret-forma.

Det beste? Den satiriske meisterskapen. Til dømes bluesen ”En morgenstemning fra Bøler” frå plata I levende live på Sandvika kino en kald desemberkveld i 1973, på Camp Rekords 1974. Alle hugsar sikkert linene ”(...) badet i sin egen bremseveske” og refrenget ”Gi gass, gi gass!”?

Hans aller mest kjende liner i dag er den minimale montasjen ”Noen ganger er det all right”, ei line som blir gjentatt og gjentatt (som eit mantra) og kobla til lina ”In the Morning”. Og dette er heile song-teksten! Humoristisk, sjølvsagt, og presist og varmt.

Han var ikkje berre satirisk eller minimalistisk og presis, men kunne vere varm av eit heilt anna slag, slik som med den nye montasjen laga til ein kyrkjekonsert i 2009 .

No er han død. Personleg møtte eg Odd Børretzen ein gong i felles ærend, vi skulle begge underhalde på båten Victoria, ein av båtane som frekventerer kanalane opp Skiensvassdraget, og i rute heilt opp til Dalen ved Bandak. (Jamfør NRK fjernsynet sitt suksessrike nye døgnkontinuerlege programkonsept til sjøs.) Vel. Eg las dikta mine på riktig tid gjennom skipshøgtalaren (overført til dekk og salong) litt på kabaretvis, medan Børretzen drog sine meir kjende nummer. Vi kjende ikkje kvarandre, men han var likevel ein svært hyggeleg og grei mann.