Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2012

Magli Elster i morgon
Onsdag 31.

Nytt på radio: eksperiment
Fredag 12.

Oslo poesifestival
Torsdag 11.

oktoberljod
Mandag 8.

Dansediktet
Torsdag 4.

Det skjer i Odda
Onsdag 3.

Fredag 12. Oktober 2012

Nytt på radio: eksperiment

Erik Hillestad har gjort eit nytt godt eksperiment, relansert gamle norske songnumre i moderne versjon, til dømes Valkyrien Allstars Å eg veit meg eit land (nye tekstar er trykte nede på nettsida).

Melodien er god også som pop/rock, og songen til Valkyrien Allstars er framskoten og høveleg. Den nye teksten etter Elias Blix sin gamle blir meir diskutabel. Hans Rotmos tekst synest kanta i svingane her. Dette inntrykket av dristig eksperiment fekk eg av radio i dag. Elles: Valkyrien Allstars tar den innøvde og rett vakre melodien til Adolf Thomsen, ikkje den eldre og ekte folkemelodien frå Mads Berg songbok.

Vi har med Elias Blix å gjere. Elias Blix sin direkte populære tekst om landet mot nord har svært mange strofer og slit riktignok litt for mykje på to fine refrengliner. Ofte er songen blitt forkorta på ulike vis. Her er originalen (hos Ivar Aasen-tunet):



Aa eg veit meg eit land
langt der uppe mot nord,
med ei lysande strand
millom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste band.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette land!

Der eit fjell stig mot sky
med si kruna av snø,
og i lauvklædnad ny
det seg speglar i sjø,
og det smiler mot strand
med si bringa i brand
i den sol-klaare kveld:
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette fjell!

Ja eg kjenner den stad
der eg stima som gut,
der eg kaua og kvad
so det svara fraa nut,
der eg leika og log
i den lauvklædde skog
millom blomar og blad:
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne stad!

Og naar vinden var spak,
fór um fjorden eg rundt,
der eg rodde og rak
som ein fiskande glunt.
Der eg leikande laag
og meg vogga paa vaag
i den nattsol der nord:
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne fjord!

Men der daarande hav,
som no drøymer so stilt,
vert ei glupande grav
naar det reiser seg vilt.
Snart det lokkar og lær,
snart det yver deg slær
og dreg baaten i kav.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette hav!

I min heim var eg sæl,
av di Gud var attved,
og eg kjende so vel
kor det anda Guds fred,
naar til kyrkja me fór,
naar me heime heldt kor,
og med moder eg bad.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne stad!

Denne heim er meg kjær
som den beste paa jord.
Han mitt hjarta er nær,
denne fjetrande fjord,
og det maalande fjell
og den straalande kveld,
hugen leikar paa deim:
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne heim!

Og eg lengtar so tidt
dette landet aa sjaa,
og det dreg meg so blidt,
naar eg langt er ifraa.
Med den vaknande vaar
vert min saknad so saar,
so mest graata eg kann.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette land!



Sjølv kan eg godt klare meg utan strofe 6 (av dei 8), i allsong; men Blix som var kristen, hadde nok meint teksten som ein god salme, og kanskje ikkje som ein nordnorsk nasjonalsong. (Sluttordet «stad» i strofe 6 er ikkje fullt så overtydande som same slutt på strofe 3.) I alle fall er «Aa eg veit meg eit land» ein særs god tekst som berre fortener å bli hugsa.

Teksten har også namnet «Barndomsminne frå Nordland».