|
Møte med Ellen Einan
Onsdag 11. Mai 2005 |
|
|
Det var fint å få møte Ellen Einan på ÆÅ. Ikkje minst var det greitt å delta i samtalen med henne som Gunnar Wærnes dirigerte i Norden-fjeldske kunstindustrimuseum 18/4. Eg skriv no på ein Einan-artikkel som tar utgangspunkt i bibelspråket hennar. Konklusjonen vil kanskje bli, delvis inspirert av det som Wærnes og eg var samde om i Tr.heim, at kjenslelivet Einan skildrar er moderne og diametralt ulikt bibelverda sitt. Men ho bruker bibelspråket, delar av bibelspråket, og kjem ut med noko som er den sterkaste bibelkritikken eg veit om - ved å vise eit heilt anna kjensleliv enn oldtida sin normative og eigedomsfikserte sfære, iallfall det som dei med storstilt skrivekunne da gjorde (og kunne gjere). Sjølv er ho medviten om at ho nyttar bibelspråket, men tenkjer nok ikkje mykje vidare enn dette, verka det på meg. Og kor mange forfattarar er det ikkje som er umedvitne om kva dei gjer, tenkjer eg, anten er dei nokså umedvitne eller heilt umedvitne om uttrykket. Og kor passive er ikkje også litteraturkritikken når det gjeld å uttrykkje kva som skjer i det litterære utanom den snevre og avgrensa ordoverflata.
Eg les også Einans dikt som ein implisitt kritikk av kva hennar verds-kjende Nordlandsnabo, Knut Hamsun, gjorde, t.d i dikta hans. Mykje av stiltonen hans er henta frå det gamle testamentet, Salmane, Salomos ordspråk, Forkynnaren, meiner eg å lese, kanskje også Salomos høgsong, men Hamsun «tilsluttar» seg det bibelske på sin doble måte og gjer det på meisterleg forførande vis, slik som i det enklaste: Intet er nytt under solen. Dette bibelsitatet, som er ein del av dei bibelske «under solen»-sitata, er nett det som står Hamsuns ideologi ganske så nært, like så tett som den sterkaste sine (til dels) allmektige krav og privilegium gjer, inklusive dei seksuelle, og tett liksom umåtelege militære bedriftar og sigrar i kapittel for kapittel i Den heilage skrifta. Eg set dette opp som kontrast til Ellen Einan sine skildringar av moderne personlege relasjonar. Sjå dette korte sensuelle diktet:
Jeg leter opp døren for åndelige fugler.
Jeg lyser på rom i gråteskogen.
Det ropes fra lekteren.
Ånder med slitte farger: Gamle roere.
Dette diktet er sitert frå ÆÅs programhefte og opphavleg henta frå Hestene våker i duggtoneengen(1989).
PS 16.mai: No er den større artikkelen sågodtsom ferdigskrivi og lagt ut i artikkel-spalta.
|
|
|
|
|
|