Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2012

Magli Elster i morgon
Onsdag 31.

Nytt på radio: eksperiment
Fredag 12.

Oslo poesifestival
Torsdag 11.

oktoberljod
Mandag 8.

Dansediktet
Torsdag 4.

Det skjer i Odda
Onsdag 3.

Onsdag 3. Oktober 2012

Det skjer i Odda

Slik som under byrjar eit dikt i 2012. Og forfattaren skal møte fram på ”Litteratursymposiet” i Odda laurdag kl 14 den 13.oktober; han skal komme saman med den svenske arbeidarforfattaren Johan Jönson og ein annan forfattar frå Vestlandet, Erlend O.Nødtvedt. Odda er flinke på litteratursymposium og på industri, sjølvsagt, og kommunen er ein stor Hardanger-kommune som byrjar heilt inne på vidda ved grensa til Telemark. Sjå wikipedia om Odda . Mannen for Straumen går er Tormod Haugland frå Radøy, nord i Hordaland fylke.


Straumen går


Vatnet kom som regn frå skyene
det kom inn frå havet i tunge
mørke skyer
dei drog seg lågt inn over kyseteen og lét
dropane falle
det regna
og skyene dreiv over
himmelen
dei steig til fjells der dei
gjekk seg tomme
og vatnet seig og voks i fjellas store sjøar
og mange av desse sjøane vart demma opp for
å lage strum
ei demning vart bygd
eit magasin for
vatn og eit uttak der
vatnet fekk renne ut det strøymde mot eit
vasshjul som tok til å gå rundt og
vasshjulet vart kalla
ein turbin
og turbinen dreiv det ein kalla ein
generator
og frå generatoren
vart straumen leidd til ein
transformator
som auka spenninga før den vart
send ut
i eit nett av leidningar der straumen kunne gå
i kablar
i jord og sjø og
i leidningar
i lufta i høge master

(forts.)



Her er heile programmet for symposiet i Odda , som startar alt på onsdag 10.oktober. Diktet ”Straumen går” er eit langdikt som strekkjer seg gjennom heile boka til Tormod Haugland, og diktet held fram slik:


Det var ein mann i eit hus
han stod utanfor huset
det var sommar
og vinter
og stilt
og varmt steig straumen høt i mastene
dei stod opp på land
dei gjekk over fjorden
dei heldt på leidningen som strekte seg over
dei høge fjella
med straumen i line så lett den lét seg føre i lufta
straumen vari i rørsle den
rann og rasa ut i fossar i fallande kast
kom den seg
vidare alltid ned vidare ned
før den lét seg fange og
føre så still
og sterk inn i nye system
der den seig
høgt over land og sjø og over store
fjell
som strekar i lufta
(...)