Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2012

Arbeidsfolk er subb?
Tirsdag 25.

Pressemelding
Søndag 23.

Ny rekneskap
Torsdag 20.

Haustutstilling (av dikt)
Torsdag 13.

Poesi for haust-fest
Tirsdag 11.

Omtale av bøker 2012
Mandag 10.

Arne Ruste står på
Torsdag 6.

Foredrag om Arnulf Øverland?
Tirsdag 4.

Tirsdag 11. September 2012

Poesi for haust-fest

Det er blitt skapte fleire ferske poesifestivalar og ”litteraturdagar”. Og dette kjem ikkje berre på heftig sommarstid, men også under den vakre hausten i september. Ikkje berre poesifest i dei store byane, men også ute på bygdene, det har vi sett meir og meir til av. Dessutan kjem like mange folk saman på mindre plassar som i dei største byane i Noreg. Om eit par dagar byrjar poesifesten i Ulvik. Program.

Kjartan Hatløy, som kjem ifrå Sogn, har skrive Kjøkkendikt. Hatløy er ein av mange poetar som gjestar hardangerbygda Ulvik no i slutten av veka. Andre forfattarar som skyt til, er Cecilie Løveid og Erlend O.Nødtvedt frå Bergen, Geir Gulliksen, Ingrid Storholmen, Morten Wintervold, Aina Villanger, Paal Helge Haugen og fleire nordiske namn.

Diktet kjem (frå Hatløy):




Denne oppvaskkosten

får somme kjørel til å sveve

mot lysegrøn bakgrunn, den blå oppvaskkosten heng på den kvite kroken

kvart kjørel her fekk godt av den eineståande børstespensten

den er heilt still no, og lyder ingen, saknar heller ikkje hender

den berre lyttar til rommet den fyller

dette inntek den, med sin vind av lys







Ps 23.sep.-12:

Avisa Dag og Tid har denne veka ein tosiders reportasje frå Ulvik Poesifestival. Journalist Ronny Spaans skryt av Erlend O.Nødvedt sitt jublande diktbidrag, og «litterære og musikalske høgdepunkt», men han kritiserer festivalen som ein lite gjennomtenkt heilskap og saknar spesielt eit grep når det gjeld deltaking av internasjonale poetar. Dag og Tid slår opp denne sentensen: NØDTVEDT VISER OSS VEG UT AV INTIMITETS- OG KVARDAGSTONEN I NORSK LYRIKK.