Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2012

Bjørnsonfestivalen
Torsdag 30.

Ellen Einan-dag i Hardanger
Lørdag 18.

Evangelie-sonettar
Fredag 17.

Litteraturdagane i Vinje
Onsdag 15.

Musikk til dikt
Torsdag 9.

Diktbøker for vaksne
Torsdag 2.

Torsdag 30. August 2012

Bjørnsonfestivalen

Bjørnsonfestivalen er i gang. Poeten Erlend O.Nødtvedt, med to utgjevingar bak seg, fekk Bjørnsonprisen i går. Her er eit intervju som Dagbladet hadde med forfattaren etter at diktsamlinga hans, Bergens beskrivelse, kom ut.

Programmet for festivalen . (Varer t.o.m. søndag.)







Det følgjande produserte denne nettstaden om Bergens beskrivelse:


(...) Erlend O.Nødtvedt har dikta Bergens beskrivelse som ein parallell til både historikaren Absalon Pedersson Beyer si tilsvarande topografisk-historiske skildring frå Bergen og den vidgjetne barokkdiktaren Petter Dass sin Nordlands Trumpet.

Typografisk tar Nødtvedt det langt ut, og han fråtsar i kart og foto. Eg skal sitere kort frå boka og gjev att dessverre utan gotisk «skriftprøve» side 8:


regnsvart
schnæ graat schnæ Sorgtræ
kulan med aa hvithuse det brunfuktige
Taakever Damm
en hakkete
Horisont
en hakkete Tyskebrygge
la mig heller
leve i Dalen daaeh
la mig hogge løvstakkesteng
la mig for Ravnevingevalleslette lyse
la mig slippe
Bjørgvin



Erlend Nødtvedt rettar skrifta si til bergensarar, både ved utvalde notidige tilhøve som iallfall bergensarar veit om, og ved enkelte bergenske spesialgloser, ikkje så lite bergensk spesiale i grunnen, og uttaleskriving utover den mest velkjende bergensdialekten (sjå: daaeh). Dette er alt saman pakka inn i førromantikkens interesser og skrivemåter, på eldre dansk(norsk).

Grensene mellom alle desse ulike komponentane er lite opptrukne for ein nasjonal diktlesar som meg, og boka er innfløkt å skildre, tykkjer eg, om ikkje nødvendigvis motbydeleg å lese. Intensjonen til diktaren er sympatisk. Og vi må hugse på at Bergen i fleire hundreår, heilt til 1900, var det økonomiske og kulturelle sentrumet i Noreg og har ikkje gløymt det.

I forfattarskapen sin knyttar Nødtvedt seg til den topografisk poetiske diktinga, den som Øyvind Rimbereid har gått i spissen for på 2000-talet (praktisk og teoretisk), og Erlend O. Nødtvedt gjer det i ein slags uvøren hatkjærleik, slik ein person født i Bergen (Fyllingsdalen) berre kan gjere for fullt. Også dei relativt moderne litterære allusjonane som han bruker, peiker hit til Bergen. Eit av omkveda i boka er: «øs øs». Dette går aller mest tilbake på bysbarnet Nordahl Griegs berømte livbåtscene med kjempande sjøfolk i krigsdramaet Vår ære og vår makt, der denne tittelen er ein ironisk parallell til Bjørnsons kjende omtale av seglskutetida på det mektigaste hos oss.

Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2008 med ei ekspressiv diktbok om hordalendingane. Bergens beskrivelse er ei av 2011 sine mest skitne bøker.