Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2012

Bjørnsonfestivalen
Torsdag 30.

Ellen Einan-dag i Hardanger
Lørdag 18.

Evangelie-sonettar
Fredag 17.

Litteraturdagane i Vinje
Onsdag 15.

Musikk til dikt
Torsdag 9.

Diktbøker for vaksne
Torsdag 2.

Fredag 17. August 2012

Evangelie-sonettar

Hans Johan Sagrusten har gjenfortalt evangeliet i ti kapittel bygd opp av Sonettar. Det byrjar relativt bra med starten i Betlehem, men snart blir det klart for denne lesaren at å fortelje oppatt dei mest sentrale forteljingane i bibelen med bruk av ny eigenvald bunden form, det må vere vanskelegare enn forfattaren har tatt høgde for. Sagrusten - han har gjeve ut to diktsamlingar tidlegare - rår sjølv over ei heller mild forteljarrøyst, som likevel kjem til sin rett i diktet ”Han som blir sett fri”. Her flyttast synsvinkelen klokt til fangen:



Han som blir sett fri



I Pontius Pilatus sitt palass,
i djupet under jorda sit ein fange.
I mørkret sit han, i sin eigen ange
av sveitte og urin, så bleik og blass.

Der oppe er ein vid og open plass;
han høyrer bråk og høge rop frå mange.
Han lyder etter, høyrer dei forlange
eit namn han kjenner – namnet Barabbas.

Han høyrer alle rope: ”Ikkje han,
men Barabbas!” – han høyrer det igjen,
eit veldig brøl frå vaksne, sinte menn.

Og når han blir sett fri frå sine band
og tumlar ut av fengslets opne port,
då ser han at ein annan blir ført bort.




Vi veit kva som skjer vidare ifrå den mest kjende bibelsoga, og vi veit at Barabbas er ein ”røvar” eller ”opprørar”, iallfall gjer no eg det. (Barabbas-skapnaden har inspirert både Pär Lagerkvist og Nordahl Grieg til eigne verk.) Problemet med å gjere om på og ”forkorte” klassiske dramatiske soger, er at du over alt gjer deg avhengig av at lesaren av diktet kjenner originalen rimeleg godt.

Sagrusten fortel enkelt og endeframt også i ordvalet, men mange rimval blir lettvinte, sjølv om forfattaren på sett og vis har eit eige herredømme over forma, slik som han har i diktet sitert over - . Eg merka fleire gonger, altså i fleire enkeltdikt, rimparet hud/ Gud, eit rimpar som også avsluttar boka sitt baksidedikt. Faren med denne poesien er det einstonige og lite utviklande. Boka heiter nøkternt Evangelie-sonettar. Boka kan likevel oppnå sitt bruksområde for prestar sine preiker kring evangelietema.