Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2012

Diskusjon om songtekstar
Tirsdag 31.

Songar i dag
Søndag 22.

Frontar retten til rom-folk
Fredag 20.

Blikk over Einans dikt
Søndag 15.

Viser og slam
Fredag 13.

Skinnheilage Stor-Germania
Mandag 9.

30 - 40 - 50
Fredag 6.

Fredag 6. Juli 2012

30 - 40 - 50

er poeten Håvard Rem. Han har skrive ei bok om 30-åringar, 40-åringar og 50-åringar, slik at han jamfører livet poetisk i tre etappar. Og det gjeld vel for alle, vil eg tru, å henge med i alle desse tre etappane. Sjølv er Rem blitt 50 - .

Den beste delen av boka er for meg – kanskje - den tredje, der han sjølv er midt i, no. Nett herifrå skal eg låne nokre dikteksempel, slik eg plar gjere det på nettstaden, det vil seie sitere heile dikt. Først dette, delvis tilbakeskodande - :


Tre sekunder

Jeg husker blikket til Radka Toneff. Jeg husker ikke dag
eller årstid, men det må ha vært tidlig på åttitallet. Jeg
bodde i Oslo og hadde en kjæreste som tok meg med
på konsert. De tre sekundene i Grensen, på Malla som
stamgjestene kalte stedet, følger meg.

Nesten tretti år senere. I en trettiårsdag. Igjen en
såkalt kvinnelig artist som dama er mer oppmerksom på.
Sundfør. Et års tid før levenet er løs. Samme by. Samme
Blikk. Ingen ord. Tre tatoverende sekunder.

Hadde de det, har de det sånn hele tiden?
Tusen og én. Tusen og to. Tusen og tre.



For dei sentimentale eller dramatiske av legning er diktet montert saman, sett frå ei meir forsiktig legningsom mi. Men poeten kan vere skarp og kortfatta (side 366). Også her i det kortfatta kastar Rem folk ubudde inn i ting:


Det blir utgitt for mange bøker


Det blir utgitt for mange bøker
Det blir spilt for mange håndballkamper.



Eit dikt som på eit vis liknar på ”Tre sekunder”, er ”Balladen om Hanna Kvannmo” (sjå side 300) ... Tradisjonell form, men usentimentalt og på fire store sider, likevel kanskje litt for mykje ”Terje Vigen”-språk på slutten av balladen. Diktet har mykje som eg ikkje kunne om Hanna Kvannmo. Men folk får også lese heile den omfangsrike boka til Håvard Rem av året, raskt eller i etappar.



I 1985

I 1985, meiner eg det var, fekk eg ei utfordring til poesi-debatt i Dagbladet (via Egil Eikseth). Denne utfordringa fekk også Jan Erik Vold og Georg Johannesen. Dette var få år etter at eg hadde gjeve ut diktsamlinga Draken i solbærbuskane, som inneheld ein del musikalsk versifikasjon, og markert meg i kulturdebatten i Klassekampen. Men dei ideologiske motseiingane mellom oss og debatt-latskap hos meg hindra meg dessverre i å ta opp hansken frå Håvard Rem.

Håvard Rem byrja tidleg som forfattar og har produsert og utretta ein del hittil. Men eigentleg falle mellom to stolar, ikkje er han popmusikar, men heller ikkje godkjend poet (fram til no). Håvard Rem fekk framgang hos likesinna ideologisk sett, men sjeldan kom det profesjonell kritikk av det ideologiske og heller ikkje oppsto profesjonell ros og nyttig profesjonell motstand i det estetiske. Eigenleg er det ein trasig skjebne han ikkje skulle ha fortent. Men poeten er jo framleis berre femti.







Ps 16/7-2012:

Tore Elias Hoel i vekeavisa Dag og Tid deler nokre av synspunkta mine på boka, med si melding av 30 - 40 - 50 .