Heim > Nytt | 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 |
Torsdag 28. Juni 2012
Vi er presens
Nokre forfattarar er gode og gamle og nokre er nye og gode. Boka Vi er presens startar med ei rekkje spennande dikt i rekkje etter kvarandre, ulike, men fine separate dikt, noko som absolutt er ei artig oppleving i seg sjølv. Slik som samlinga Vi er presens har dei siste par utgjevingane til den røynde forfattaren vore. Midt i 2012-boka kjem diktet ”Monarkiet”, som er ein slags status på livet til Erling Indreeide. Jorda i diktet har noko å gjere med poeten sin oppvekst på ein vestlandsgard. Og dei som har lese fleire romanar av Anne Karin Elstad, veit kva jord er og kva ein vestlandsgard er, sett i høve til bondegardar lenger aust i Noreg.
Forfattaren tar ikkje skade av å bli jamført med Anne Karin Elstad og hennar samfunnskildringar rundt gard. Det at poeten har vakse opp på vestlandsgard, blir stadfesta alt på side 12 med diktet ”Ved sommarfjøset”, dette diktet kjem her:
Dette er ein dyktig fanga augneblink, som overlet noko til lesaren. Eg skal ikkje gå grundig inn på delane av boka, meir enn at ho presenterer ulike presens (=notid) før i Noreg og no. Vi er presens fortener den glade mottakinga som boka hittil har fått i pressa, meiner eg. Ikkje minst er boka dyktig på kjensler, noko også Anne Karin Elstads romaner er spesialistar på, kan eg leggje til.
MONARKIET
Eg skulle vel bli til
noko? Kva skulle det bli til
med meg? Til jord
skulle eg bli. Frå jord
var eg komen, til jord
skulle eg bli, høyrde eg
rykter om, slik groviljug
jord skulle eg bli, og eg ser
kongen ved årskiftet og tenkjer
eg er etnisk monarkist, det er eg blitt
tenkjer eg. Men å verte jord er utanfor
mine potensial. Det er
jord eller eg.
Forfattaren tar ikkje skade av å bli jamført med Anne Karin Elstad og hennar samfunnskildringar rundt gard. Det at poeten har vakse opp på vestlandsgard, blir stadfesta alt på side 12 med diktet ”Ved sommarfjøset”, dette diktet kjem her:
Ei fin dame sat ved sommarfjøset og gret.
Eg var berre ein liten gut og visste ikkje kva
eg skulle gjere, så ho sa på svensk at aldri
hadde ho sett noko vakrare, så eg
snudde meg og såg utover vatnet
denne blanke morgonen
og tenkte mitt.