Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2012

Pengar og identitet
Tirsdag 29.

Amerikansk folkepoesi
Torsdag 24.

Skriv under!
Lørdag 19.

Dagen har skugge
Torsdag 17.

Påmelde diktbøker
Søndag 13.

Litteraturfestivalen
Onsdag 9.

"Hver fallen er bror og venn"
Mandag 7.

Torsdag 17. Mai 2012

Dagen har skugge

Nettstaden gratulerer alle med nasjonaldagen - idet vi allereie har tenkt på våre nærmaste og ønska våre nærmaste lykke til. Mange dikt blir brukte på 17. mai. Gunstein Bakke sine dikt som kom i år, Murskueteknikkane, er inspirerte av hans nærmaste tilbake i tid. Vi byrjar t.d slik, tidleg i boka, side 15:



huset treng fleire dører om dagen
går gjennom sine kroppar og gir dei ein sjanse,
gjenoppstår frå prøverom
der kleda er konstanten
og lèt det som er att av dei døde få luft i forhenga
slik at dei framleis, med fingrane og litt av andleta
trenger gjennom det tynnaste stoffet


seinare, ved totida, heng dei under markisene
og kragebeina
lik flaggermus




Dikta i denne boka handlar blant anna om tuberkulose-pasientar. Og eg kan opplyse om at staden for det som skjer i boka, er ein landsens institusjon som opphavleg i mange år var tuberkolose-senter, deretter heim for psykisk utviklingshemma, deretter igjen flyktningemottak og til slutt eit planlagt fredsenter. To sider seinare i boka kjem desse få minimale linene med desperate opplysningar:



klokka elleve er dagen desperat av tid
enno for stram til å kunne sløse




eit band av torden
under skulderblada



Så, på neste side kjem det svært institusjonaliserte - . Og eg sender samtidig ein vennleg tanke til Dag Skogheim, også han har tatt opp turberkulose-kapitlet i nasjonen si brokete soge:



sola, som er blind, karer seg over panna:

svarte dropar dreg nattas kniplingar inn i nystova
der står nokon og les høgt frå ein annan kropp

denne timen er den øvste
som ventast å gli ut kva veg som helst




to strikkepinnar snakkar om luft
likevel synest mykje bestemt no
eit reir av nøklar, fortgang i ting



Diktboka er godt utstyrt og rommar eldre og dempa foto - . Ane Nydal i Morgenbladet skreiv ei grundig litterær melding av dristige og dyktige Murskueteknikkane.