|
Kritikk av diktopplesning
Torsdag 28. April 2005 |
|
|
er ein ny sjanger, starta av Bendik Wold i Morgenbladet, siste nummer, etter opplesing på litteraturfestivalen Æ Å, Tr.heim. Dette er eit bra forsøk på sjangerkritikk, som bør følgjast opp vidare av avisa ved seinare høve. Sjå elles Morgenbladet 22/4-05.
*
For min del er eg omtalt i Wolds reportasje, og eg skal lese opp på pub i Kragerø i morgon, puben Stopp en halv. Eg kjem til å følgje eit par råd som eg kan ha mottatt frå Morgenbladet:
1. Ha tydelegare markering mellom kva som er dikt og og kva som er kommentar.
2. Eg vil velgje å lese ei rekkjefølgje av dikt med ein tydeleg ulik rytme og dertil ulik lesemåte (røyst).
3. Den lesestilen som Wold knytta til Mara Lee si opplesning i Tr.heim, som han kalte HIT AND RUN, kjem eg ikkje til å bruke på det lokale publikummet som eg vil møte i morgon. Og den diktmetoden passar generelt betre i Oslo, trur eg, kor avstanden mellom folk er større enn her i lokalsamfunnet i Kragerø. Men det er i alle fall ein interessant opplesingsmetode, HIT AND RUN; og som altfor mange poetar i Noreg bruker ei form av, etter mi meining gjer for mange det på mange ulike diktarrangement med for mange opplesarar etter tur.
4. Det er greit at ein må skilje mellom poesi og teater, men kanskje ikkje alltid slik Wolds teoretikar Charles Bernstein har undervist: Poesien som «den nakne, kroppsløse forfatterrøsten i rommet» (sitert etter Wolds sitat i Morgenbladet).
|
|
|
|
|
|