Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2012

Pengar og identitet
Tirsdag 29.

Amerikansk folkepoesi
Torsdag 24.

Skriv under!
Lørdag 19.

Dagen har skugge
Torsdag 17.

Påmelde diktbøker
Søndag 13.

Litteraturfestivalen
Onsdag 9.

"Hver fallen er bror og venn"
Mandag 7.

Onsdag 9. Mai 2012

Litteraturfestivalen

Litteraturfestivalen «Bøker i Bø» er blitt starta og blei arrangert for første gong i helga som var, med mange forfattarar. Festivalen spring ut frå miljøet på Høgskolen i Bø . Som vi veit starta Noregs første forfattarutdanning nett her, under leiing av Eldrid Lunden, og det skjedde presis for 30 år sidan, altså 1982 i Bø.

Ei av forfattarane som deltok i helga, var Hanne Ørstavik. Godt hugsar eg at eg las hennar roman Uke 43, da boka kom ut for ein del år sidan. Romanen hadde bakgrunn frå eit høgskolemiljø lagt til ein mindre plass, dvs om lag på storleik med Bø. Romanen var intens å lese. Om Bø kan ein seie at staden ligg midt i Telemark fylke og er langt mindre enn dei andre to stadene for forfattar-utdanning i landet, dei kjende byane Bergen og Tromsø. (Elles har også enkelte forlag i Oslo noko tilbod om skreddarsydd utdanning for forfattarskap.)

Forfattarutdanninga i Bø var lenge eit pionerprosjekt. Her er ei subjektiv skisse over dette prosjektet som Eldrid Lunden sto i spissen for. No har andre tatt over, ikkje minst Rune Christiansen, som er ny rektor og samtidig med i styret for litteraturfestivalen.




Lyrikken var med no på Bø. Mellom deltakarane som hadde diktbøker 2010 eller 2011 og heilt nyleg, var:

* Mona Høvring .

* Lina Undrum Mariussen .

* Aina Villanger .




Ps 13. mai 2012:

Litteraturfestivalen på Lillehammer er ein stor festival. Nett Lina Undrum Mariussen, nemnd ovafor, er brått blitt kunstnarleg rådgjevar for denne festivalen, etter at Gabriel Moro trekte seg med berre eitt år i stillinga. Tema i Lillehammer i år er pengar. Festivalen byrjar 29. mai .