Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2012

Hver gang vi møtes
Torsdag 26.

Mårenbiennalen 2012
Torsdag 26.

Ein himmel full av stjerner
Torsdag 26.

Nordahl Grieg ikkje salme
Mandag 16.

Audiatur er i gang
Torsdag 12.

Arvid Torgeir Lie til Skien
Tirsdag 10.

Audiatur i april
Fredag 6.

Torsdag 26. April 2012

Mårenbiennalen 2012

Det eineståande fleirkulturelle treffet i Måren startar i morgon. Av poetar deltar til dømes eksperten Erling Kittelsen. Deltar gjer også Austlandet sitt svar på Fyllingsdalspoeten Erlend O. Nødtvedt, nemleg debutanten Aina Villager, der forlaget hennar på baksida av diktboka har plassert eit mikroutsnitt:


føre noe blei te noe

vare ikkeno som var no

et punkt

var det hele


Her er heile programmet for biennalen, samt ei rekkje praktiske opplysningar pluss noko om tankane til grunn. Og alt er sitert frå arrangørens epost:


FREDAG 27. april MÅREN ØVRE AMFI

kl 1900 Erlend Apneseth (hardingfele) David Sundby (trommer) John Hegre (gitar)
kl 1930 Anna Wingård (nyckelharpa) Kari Malmanger (sang, indisk harmonium)
kl 2000 UTSTILLINGSOPNING Kjell Arne Solli (kunsthandverk)
kl 2030 Erling Kittelsen (tekst) Thomas Torstrup (trøorgel) Alexander Grieg (kontrabass)
kl 2100 FANFARE FOR MÅRENBIENNALEN Hildegunn Øiseth (lur) Danitza Olea (dans) m/Måren kraftlag
kl 2115 OPNINGSHELSING Petter Sortland (ordførar)
kl 2130 Birgitte Bakke (hang) Jonas Knutsson (saxofonar) Nina de Heney (kontrabass) Aina Villanger (tekst) Skjalg Wie Skare (tekst) Ivar Orvedal (tekst)
kl 2200 Isabel Sörling (sang, gitar) Thomas Torstrup (trøorgel) Nina de Heney (kontrabass) Hildegunn Øiseth (trompet) David Sundby (trommer)
kl 2230 Jonas Knutsson (saxofonar) Erik Rydvall (nyckelharpa)
kl 2300 CODA Danitza Olea (dans) m/Måren kraftlag


LAURDAG 28. april MÅREN
kl 0915 Båt frå Ortnevik til Måren med fjellvandring til Flætnipa, retur frå Måren til Ortnevik kl 1455

LAURDAG 28. april ORTNEVIK KYRKJE
kl 1800 VELKOMSTORD
kl 1810 Anna Wingård (nyckelharpa) Kari Malmanger (sang, indisk harmonium) Erlend Apneseth (hardingfele)
kl 1830 Thomas Torstrup (orgel) Hildegunn Øiseth (bukkehorn) Danitza Olea (dans) m/Ortnevik ljosverk
kl 1845 Skjalg Wie Skare (tekst) Aina Villanger (tekst) John Hegre (gitar) Birgitte Bakke (hang) Jonas Knutsson (saxofonar)
kl 1900 David Sundby (trommer) m/Ortnevik ljosverk
kl 1930 PAUSE. Mat og drikke kan kjøpast.
kl 2000 UTSTILLING Kjell Arne Solli (kunsthandverk)
kl 2030 KONSERTEN HELD FRAM Alexander Grieg (kontrabass) Nina de Heney (kontrabass) Hildegunn Øiseth (trompet)
kl 2045 Ivar Orvedal (tekst) Nina de Heney (kontrabass) m/Ortnevik ljosverk
kl 2100 Isabel Sörling (sang, gitar) Thomas Torstrup (trøorgel) Nina de Heney (kontrabass) Hildegunn Øiseth (trompet) David Sundby (trommer)
kl 2130 Thomas Torstrup (orgel) m/Ortnevik ljosverk
kl 2135 Erling Kittelsen (tekst) David Sundby (trommer)
kl 2200 Erik Rydvall (nyckelharpa) Jonas Knutsson (saxofon)
kl 2230 Danitza Olea (dans) Ivar Orvedal (tekst)
kl 2245 CODA Hildegunn Øiseth (trompet) Birgitte Bakke (hang) m/Ortnevik ljosverk


SØNDAG 29. april ORTNEVIK
kl 1100 Tur til Sylvarnes, retur med båt som er attende i Ortnevik kl 1600


Fredag kr 300,- laurdag kr 300,- Begge dagar kr 500,- Barn gratis. Halv pris for studentar, pensjonistar og arme. Gratis passasjerbåt til Ortnevik og Nordeide etter konsertslutt. Gratis kjøkken, dusj og soveplass i Ortnevik grendahus, eller teltplass. Ta med mat og overnattingsutstyr.


Ekspressbåt til og frå Bergen – Sogndal har ekstrastopp i Måren fredag, laurdag og søndag når du melder frå ved ombordstigning. Øvrig ruteinformasjon om reiser til Måren og Ortnevik sjå www.ruteinfo.net eller ring 177.


Mårenbiennalen 2012 sitt program blir utarbeida i felles arbeidsverkstad og vert presentert i ulike kombinasjonar (lag og verk) for å løfte fram det kollektivt særeigne såvel som unike utøvarar sin personlege energi og uttrykk.

Det var ofte dugnadsånda som skapte landet vårt før marknadsmakta tok over. Vi låner dei strålande namna til to banebrytande tiltak frå bygdene ved fjorden - frå tida då ein med frivillig sinnsats bygde sine små elektriske kraftverk: Måren kraftlag og Ortnevik ljosverk!

Tema for Mårenbiennalen 2012 er: Korleis tek den form og korleis får den komme til uttrykk, vår åndeleg dimensjon i kyrkjerommet og i naturen og kulturen utanfor.

“Under bygginga av Ortnevik kyrkje vart tårnet ei uværsnatt teke av ein kvervelvind og bles av kyrkja. Det hamna i åkeren på sørsida av kyrkja og stod som om det var planta der.” (Fylkesarkivet).


“Mårenbiennalen, eit Helikon, der dei ni musene bur. Noko heilt spesielt i mengda av kulturarrangement” tdl.leiar i NRK, Einar Førde, då han opna Mårenbiennalen i 2003.


Skipa med økonomisk støtte frå Høyanger kommune, Høyanger næringsutvikling, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Norsk forfattersentrum, Norsk kulturråd, Nordisk kulturfond, Fritt ord, BKK.


Billetter: Kan kjøpast på staden, sjå ovanfor. Atterhald om endringar i programmet.




Ps 9/10: Her er oktoberljod no .