|
Bokdagen fredag
Onsdag 20. April 2005 |
|
|
Den internasjonale bokdagen 22.april blir feira utandørs i Kragerø. Planane starta på ungd.sk. som ønska poetens ord, men dei endra seg til opplegg på Torvet, som er storstova her, med bibliotek, bokhandel, ungdom, lokale Per Apelseth bl.an, involverte. Dette opplegget er nytt og orginalt for Kragerø. Midt på blanke føremiddagen, kl 12.30 på Torvet, skal bokarrangementet starte - og halde fram i mikrofon ein halv times tid. Eg får mest ikkje børsta av meg støvet etter reisa til Tr.heim før dette. Eg skal også dra nokre av dei nye dikta mine i lunsjen på jobben, den dagen. Er du i vinden, er du i vinden.
PS: Morgenbladet er interessert i poesi. I referatet sitt frå festivalen i Tr.heim, som blei avslutta søndag, kjem Bendik Wold med ein intervju-del, der han spør bl.an meg om diktopplesninga i høve til skrivne dikt. Altså i denne veka sitt nummer av Morgenbladet, som kjem fredag.
PPS: Korleis det gjekk på utandørsbokdagen i Kragerø, får du sett i tilbakemeldings-spalta under «PÅ kro» (respons 22/4).
|
|
|
|
|
|