Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Onsdag 14. Mars 2012

Vår med Omar K?

Vi går tilbake til 1100-talet. Og si tids leiande i naturvitskap for Persia var Omar Khayyam. Han skreiv også, om det var mindre kjend, tradisjonelle strofer av ruba’iyat. Desse blir tolka, ifølgje forskarar, å ha åndeleg karakter. Dei tradisjonelle og konsentrerte strofene har vandra vidt og blitt populære i Vesten.

I 1997 gav Johannes Gjerdåker ut Ruba’iyat på norsk, ei samling av 90 gjendikta og for det meste uavhengige strofer, og alle i same versmål. Denne norske samlinga har komme i ny utgåve 2012. Det vil seie med utval, gjendikting og føreord ved Johannes Gjerdåker.

Velsigna denne dag når lufta skin
og mild vind rører blome-eng og lin;
til rosa ropar nattergalen ør:
”No er det tida til å drikka vin!”


Enkelte av strofene ligg nære epigrammet. Eg tykkjer Gjerdåker sjølv har lagt seg på historiske stilnivå som kan minne om Åsmund Olafsson Vinje (Tenkj på ”Nasjonalitet” eller på No ser eg atter slike fjell og dalar som dei eg i min fyrste ungdom såg) når gjen-diktaren skriv slik som dette (og kva anna kunne han gjere):

Då hjarta mitt av kjærleik måtte slå,
eg kunne nesten alle ting forstå,
men straks eg såg med augo av forstand,
var aldri meire noko kjent å sjå.