| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Feb 2012
Wergeland brukt
Lørdag 25.
Fødde i fjøslukt
Lørdag 18.
Akademi og avantgarde
Fredag 17.
Ytringsfridom for dei papirlause?
Torsdag 16.
Wislawa Szymborska
Søndag 5.
Din nye, korleis er ho?
Fredag 3.
Lørdag 18. Februar 2012
Fødde i fjøslukt
Dikt kan fint brukast som debattinnlegg. Slik har poeten Helge Torvund skrive eit dikt til Arild Rønsen, journalist og Oslopatriot, med fast kommentarspalte i Klassekampen.
Dette er sitert frå debattsida i avisa 17/2. (Kva Arild Rønsen har sagt om nynorsk i avisa som han skriv fast i, har eg ikkje - så langt - lese.) Saka er elles jamstillinga av to språk i skolen. Det står eit hovudstad-basert politisk miljø bak den regjeringa som no lanserer bortfall av karakter i «sidemål» i skolen, og dette vil i praksis seie at nynorsk blir utprioritert. Formelt kjem forslaget frå utdannings-direktoratet som ei skolesak - .
Mange har brått meldt seg inn i Noregs Mållag som ein følgje av forslaget. Og fleire bør gjere det, meiner eg. Dessutan rår eg både forfattarar og andre som bruker nynorsk som hovudmål eller som sidemål, om å hive dykk på i avisspaltene og i sosiale fora på nettet med nynorsk.
Å, dumme bønder som vart fødde i fjøslukta utanbys.
Her i Oslo er eit naturleg sentrum for liv og lys.
Her skriv me med lyset sitt eige språk, og me ler!
Me ler av desse raringane som ikkje vaks opp her.
Eg likar å lesa Edvard Hoem sitt rare nynorske språk.
Men kvifor skal ein læra å skriva slik? Ikkje bråk
meir nå med sidemålet og det døyande målet.
Samisk og nynorsk og mange fleire hamnar snart på bålet.
Slik må det vera, og det fungerer bra
med bokmål for meg. Det betyr
at det òg må vera godt nok for deg. Ja
å ha eit skriftspråk for andre vert ein dyr
og unødig luksus. Ver glad
om alle får skriva nett som meg, ein innfødd Oslofyr.