| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Apr 2005
Doble poesi?
Lørdag 30.
Kritikk av diktopplesning
Torsdag 28.
Bokdagen fredag
Onsdag 20.
Radio-opptak
Lørdag 16.
Det trønderaktige
Tirsdag 12.
Denne nettstaden
Lørdag 9.
Avis-versjonar
Fredag 1.
Lørdag 16. April 2005
Radio-opptak
Hektisk festivaldag med innskotne radioopptak i går: Eit opptak frå ARK Bruns bokhandel med NRK-Trøndelag, om festivalprogrammet vidare, der las eg «essay for inngifta»... Like før hadde tre poetar, Mara Lee (frå Sverige), Niels Lyngsø (konkretisten frå Danmark) og eg frå Noreg, kvar lesi ti minutt for bokhandelpublikumet, stått på ein mindre amfiscene midt i butikken.
Intervjuopptak utandørs i Trondheim med Knut Hoem, NRK, om status for nyenkel og konkret poesi, sett frå ståstaden min... Det var ein ideell intervjusituasjon for meg. Og dette er neimen ikkje kvardagskost for ein mediasjeldan poet. Trur programmet er Ordfront (søndag 13.30/ onsdag 19.30).
Opptak til NRKs Poesitid ved Harald Overå... Programmet galt den siste diktsamlinga, Slutningar til knes, og varer 26 minutt. Eg gler meg til å høyre settingen hans - med musikk-kontentum. Sendetid for Poesitid er: fredag kl 13 med reprise søndag kl 07.
___________________________________
PS: Eg deltok i eit symposium på torsdag, der Mara Lee underviste og der vi, deltakarane, fekk skriveoppgåver med kort frist. Mara fortalte i forkant bl.a at dansaren Marta Graham i si tid hadde hevda at dansarar har eit ekstra bein eller eit ekstra lem. Spørsmålet var om poetar også har noko ekstra av noko, eitkvart som andre ikkje har. Dette skulle ho bruke som ei undersøkjing. Svaret mitt, etter få minutt, var desse strofene

«til Mara Lee»:
1
Martha Graham står i vinkel
Fela ho let
Steinar Opstad står som ein stein
Mamma og pappa står tête à tête
2
Kva skal vi med alle våre hender
og neglar på tusen meter?
Når vi kan presentere eit vers