Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2012

Er rimorda av dikt-kjernen?
Torsdag 26.

Skien har Diktets Venner
Søndag 22.

Ei avvikande diktutgjeving?
Tirsdag 17.

Lenker til 26 nye utgjevingar
Mandag 16.

Stor poet-samling
Fredag 13.

Topografien
Søndag 8.

Kjende poetar
Onsdag 4.

Stadig ein svevn
Mandag 2.

Søndag 22. Januar 2012

Skien har Diktets Venner

Kristin Williams Antonsen debuterte med ei diktbok for både barn og vaksne, Når englene tisser, og ho kjem og presenterer boka i Diktets Venner, Skien. Det skjer 2. februar. Og føre dette den same datoen gjennomfører Diktets Venner årsmøtet sitt.


På vårprogrammet til aktive og flinke Diktets Venner står også, så påpasseleg, ein Nordahl Grieg-aften. Nordahl Grieg fekk brått ny aktualitet og bruk under reaksjonane etter terroren i Noreg; og Jan Køppen Petersen held sitt engasjerande foredrag 1. mars, medan Anne Gravir Klykken står for song - .


Her nemner eg dei derpå følgjande arrangementa i Diktets Venner punktvis: Lyrikaren Arvid Torgeir Lie , som er i skotet, kjem 12. april.


Lyrikaren Kjersti Bronken Senderud, som er utdanna i dans, kjem 3. mai.


7. juni kjem lyrikaren og forfattaren Øyvind Berg. Ved det same høvet møter vi, altså sommarleg, visesongaren Lars Klevstrand, som har tonesett dikt av norske poetar.





* Sams for arrangementa er god tilretteleggjing for dikta og eit nært møte med forfattaren. Diktets Venner gjer jobben og samlar inn interessante opplysningar om forfattar/gjest, for sine program og publikasjonar. Dessutan så fortel gjerne lyrikaren om seg sjølv og forfattarskapen sin, på arrangementa.