Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2012

Er rimorda av dikt-kjernen?
Torsdag 26.

Skien har Diktets Venner
Søndag 22.

Ei avvikande diktutgjeving?
Tirsdag 17.

Lenker til 26 nye utgjevingar
Mandag 16.

Stor poet-samling
Fredag 13.

Topografien
Søndag 8.

Kjende poetar
Onsdag 4.

Stadig ein svevn
Mandag 2.

Tirsdag 17. Januar 2012

Ei avvikande diktutgjeving?

Ei kjærleiks- og forelskingssoge er vel ikkje det vanlegaste å finne som gjennomgangstema i diktbok. Forlaget MARGbok har gjeve ut ei slik gjennomgangssoge, med Ann Kavlis diktbok ut av juli. Kjærleiks- eller forelskingssoga her er ikkje særleg spesiell. Og dynamikken i soga følgjer kalenderåret i Noreg med skilje mellom varm årstid og kald årstid, både fysisk og mentalt. Parallelt og på enkelt vis. På mikroplanet er forteljinga endefram og omgjevnaden samanlagt utfyllande - .

Første bolk fungerer som forkanten av temaet, her er stemninga avventande. Diktet, frå side 14, er slik:



Overveldet av vinduet ser jeg formiddagslyset rulle over asfalt
En valp blir løftet opp,
og han som spiller trekkspill på hjørnet av Thereses gate
har tre grep å variere med
Byen bindes sammen av spor og skinner
Lyskasterne på Bislet er slått av,
står vakt over tankene
Ingen heier der nå



Heiing er ikkje berre Bislet, men går igjen i boka, likt eit nøkkelord som gjentas. ”Byen bindes sammen” er eit innslag til Jan Erik Volds trikkeskinnedikt. Men boka må gåast opp. Etter kvart, under lesinga av boka, dukkar tilhøva mellom to opp. Til slutt kjem hausten og oppbrotet, samt dette vesle diktet til slutt: ”Gjessene flyr lavt over Skagerak nå/ Lager et gråhvitt riss over havet/ Ploger opp en bølge langs båtens strenge linje/ Så skal også de komme fram”.

Vi står med noko som er motsett dagens krimunderhaldning, for der er motiva svært spesielle og røynda er svært konstruert og tilliks følgjer ein fast mal; anten det er romanen Snømannen eller TVn Bron/ Broen vi prøver ut - .

Dersom det rett framme - eller noko vi mange opplevde/ opplever - er avantgardistisk, så er Ann Kavli avantgardistisk med diktboka ut av juli.

Opplysning: Forfattaren var ein av initiativtakarane til mange godt arrangerte litterære program på Josefine i Oslo.




Kort note til diktet sitert over: gata står skrive «Theresesgate» i boka, dvs berre i eitt ord (kanskje med overlegg, stilistisk).