Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2012

Er rimorda av dikt-kjernen?
Torsdag 26.

Skien har Diktets Venner
Søndag 22.

Ei avvikande diktutgjeving?
Tirsdag 17.

Lenker til 26 nye utgjevingar
Mandag 16.

Stor poet-samling
Fredag 13.

Topografien
Søndag 8.

Kjende poetar
Onsdag 4.

Stadig ein svevn
Mandag 2.

Onsdag 4. Januar 2012

Kjende poetar

År om anna kjem det omsetjingar til norsk av historisk viktig poesi og annan verdfull utanlandsk poesi. Her vil eg kort melde frå om tre ferske omsetjingar, som no skal vere tilgjengelege både i bokhandelen og i biblioteka:


Av Gaius Valerius Catullus: Eg elskar og hatar. Omsetjar er Torgeir Bygstad.


Av Charles Baudelaire: Det ondes blomster. Ny omsetjing til norsk, til bokmål, ved Kjell Nilsen. (Tidlegare har Haakon Dahlen og Bokvennen forlag gjort eit stort arbeid med å setje om Baudelaire sitt forfattarskap.)


Makedonske dikt: Fine spinn av draumar. Dei er omsette av Knut Ødegård og Yasminka Markovska.



Frå desse nye bøkene vel eg her eit dikt - Sigøynarar - av den makedonske forfattaren Radovan Pavlovski, som har eit stort namn i dei landa som tilhøyrde det tidlegare Jugoslavia.



SIGØYNARAR


Spreidde lik mørke regndropar
I den brennande heten
Finst inga kyrkje inga bøn
Eig ikkje land å slåst for
Dei smidde sverd for andre
Song ein einsam song for seg sjølve
Og dén blant dei som syng den vakraste songen
Vel dei til sin leiar