Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2012

Er rimorda av dikt-kjernen?
Torsdag 26.

Skien har Diktets Venner
Søndag 22.

Ei avvikande diktutgjeving?
Tirsdag 17.

Lenker til 26 nye utgjevingar
Mandag 16.

Stor poet-samling
Fredag 13.

Topografien
Søndag 8.

Kjende poetar
Onsdag 4.

Stadig ein svevn
Mandag 2.

Mandag 2. Januar 2012

Stadig ein svevn

Nettstaden sitt nyttårsønske er å aksentuere mange dikt, spesielt dikt utgjevne i det siste - og elles andre aktuelle dikt. Derfor held eg fram med å presentere dikt frå dei nyaste samlingane utgjevne i dette landet. Diktet under er skrive av ein godt produktiv forfattar, som debuterte «med eit pang» i 1983 og har skrive rimeleg mange bøker for barn og ungdom, både dikt og prosa, i tillegg til vaksen-bøker.

Diktet her er eit sovedikt av dei samansette, henta frå nest siste «plass» i boka.



Eg søv over under



Eg søv over i Borghilds reddikbed.
Eg søv under Helenes kjeksskap.
Eg søv langsmed Turids klesvaskar.
Eg søv over i urtehagen
under Kristines baderomsglugg.

Eg duppar rundt Anne Birthes laksetrapp.
Eg duppar under Solveigs kuauge.

Eg blir einig med Lill og Kirsti,
kvar på sin kant,
om å duppa over under
begge. Då eg

vaknar
- gjennom stemmar, snø
og bydelar –
bortom Ninas stolte
gravhaugar, kostar fram
dei fødde namna henner
i parentes.



Det er mykje som kan bli sagt effektivt indirekte, slik dikt kan. Er det ikkje? Og kva kan ein ikkje lage poesi av? Dette svevndiktet er poeten som vi har føre oss. Han har skrive det siste 6-ords diktet i spalta til Klassekampen (nyleg). Men kven er han? (Svar kjem om eit par dagar.)



Etter han: mjuke
pubhjørne, trygge
paraplytre.






Ps 4/1-2012:

Forfattaren er Arnt Birkedal, kan eg fortlje, debuten hans var boka Balladen om hålet i døra i 1983. Og diktboka i 2011, som da sove-diktet øvst blei lånt ifrå, har tittelen Sinus.