Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2011

Vintersolsnu
Torsdag 22.

Kjærleik som tema
Onsdag 21.

Ei av dei største diktbøkene
Torsdag 15.

Velsigna du dag over fjordan
Tirsdag 13.

Ein katastrofe kjem
Mandag 12.

Estetikk og det gode
Fredag 9.

Gjennom vinteren
Torsdag 8.

Folkebiblioteket arrangerer
Onsdag 7.

Torsdag 15. Desember 2011

Ei av dei største diktbøkene

Vi held fram vår vesle diktgjetteleik, der fasitsvaret kjem om eit par dagar. Den nye boka, som er innhaldsrik, og der dialekten er ein gjennomgangsmelodi, ho vel eg eit dikt i, nærmast på måfå.

Kvifor ikkje bruke tittelparolen ”Grip stunda” no før jul?




GRIP STUNDA


Kænskje er det glæa
je burde satse på?

Hu som flyg
ifrå meg
om je itte blir med?

Glæa krev itte mye
ænna hell at
je ser ’a:

ei lita jinte på fire år
med vilje som kæn skjæra stål.




Vi har altså fått ein kommentar til Alf Prøysens vise ”Romhjuls-drøm”, som alltid byrjar slik: ”En skulle vøri fire år i romjul’n”. Og dette er den visa der ”saligheta er et bessmorfang” kjem plassert i vise-konklusjonen. Derimot «vilje som kæn skjæra stål» - det er noko anna.

I diktet GRIP STUNDA finn vi hos je-personen eit heilt anna og kanskje nytt tilhøve mellom ein vaksen og ein fire-åring.






Og ps 16/12-2011:

Årets bok av Furnesingen - som debuterte alt som nitten år gammal - er ei ødsel bok for oss og har noko til alle. Grunnen til at alle kan finne noko er at poesien hans har ei sikker tilvising til røynda. Og det at den romslege boka er ujamn, tyder ikkje all verda. Forfattaren er elles ein dyktig kabaret-artist.

Fasit: Ein wikipedia-artikkel med kva forfattaren har drive det til .