Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2011

Jon Hjørneviks produktive vers
Tirsdag 29.

Brageprisen
Mandag 28.

Mellom kjærleik og skam
Mandag 21.

Poesien i 2011
Lørdag 19.

NOVEMBERakt
Torsdag 17.

Kina-veke
Søndag 13.

Forsking + formidling
Torsdag 10.

Finst norsk avantgarde?
Torsdag 3.

Tirsdag 29. November 2011

Jon Hjørneviks produktive vers

Hos Jon Hjørnevik skjer det mykje. Det produktive ved Hjørnevik er det sosiale, og det er noko som er i slekt med det sosiale, nemleg den lenge nedvurderinga - hos poetane - av vers med metriske lovar som tilhøyraren merkar. Det metriske har blitt fornekta og sendt under tvang til konfirmasjonen og barnerommet.

La meg sitere eit kort dikt frå Jon Hjørnevis debut 2001: I ein sofa frå Korea - dikt i utsal:


Leveregel


Det var mor sitt prinsipp,
ho hevdar det no,
at slett ingen mann
kom i buksa på ho.

Men far smiler lurt,
i sanningas spegel,
eit unntak stadfestar
alltid ein regel.



Og berre for å ta det: Jon Hjørnevik går laus på vurderinga av det metriske for oss og innleier den lange kampen. For å kunne greie det bruker han humoren som standplass og skratten som våpen.

Likevel reindyrkar Hjørnevik ei enkel og effektiv ballade-form seinare i forfattarskapen sin. (Strofene i kvart dikt er mange, men godt hekta til kvarandre.) Eg har tatt føre meg forfattarskapen og spesielt den nye utgjevinga, som heiter Flukta frå rekkehuset .