Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2011

Jon Hjørneviks produktive vers
Tirsdag 29.

Brageprisen
Mandag 28.

Mellom kjærleik og skam
Mandag 21.

Poesien i 2011
Lørdag 19.

NOVEMBERakt
Torsdag 17.

Kina-veke
Søndag 13.

Forsking + formidling
Torsdag 10.

Finst norsk avantgarde?
Torsdag 3.

Lørdag 19. November 2011

Poesien i 2011

Anna Kleiva har debutert med dikt på Oktober; og Poesiportalen hadde tidleg ein positiv omtale av boka: Nokre versjonar av Anna . Også eg har lese denne boka, samt eit dyktig intervju i tidsskriftet Syn og segn, som Anna Kleiva hadde med poet Eldrid Lunden. Eg merka meg dertil at Anna Kleiva deltok på Oslo poesifestival nyleg (ein festival som eg berre las om).

Poesiportalen har eg fast lenke til. Og eg håper at nettstaden også denne desember månad leverer sin poetiske kalender, nye dikt frå året (som går imot sin slutt). Dikta i 2011 er dikta, dei treng luft ved vengene. Håper eg ikkje blir skuffa i desember. Eg har ei bøn her til redaktøren av Poesiportalen. Ta med deg ein av vennene dine til å skaffe stoff til nettstaden, om du sjølv fekk for mykje å gjere eller tenkje på. I Poesiportalens sjette år.






Ps 22/11 om to artiklar

Nyleg la eg ut to eigne artiklar om nye diktrøyster på norsk med sterke internasjonale tema:
* Journalist på iransk - Asieh Amini - med dikt skrivne, som er gjendikta til norsk og utgjevne på begge språka .

* Pågåande reisedikt om Vest-Afrika (og Marokko) , skrivne av debutanten Per Kristian Cani.