Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2011

Jon Hjørneviks produktive vers
Tirsdag 29.

Brageprisen
Mandag 28.

Mellom kjærleik og skam
Mandag 21.

Poesien i 2011
Lørdag 19.

NOVEMBERakt
Torsdag 17.

Kina-veke
Søndag 13.

Forsking + formidling
Torsdag 10.

Finst norsk avantgarde?
Torsdag 3.

Torsdag 17. November 2011

NOVEMBERakt

blir å høyre og sjå på søndag kveld. Eg saksar frå pressemeldinga:

LOGEN BAR, Øvre Ole Bulls plass 6, Bergen,
søndag 20. november, kl 19:00

kr 100,- ved inngangen

med desse deltakarane:
Danitza Olea (flamencodans)
Karina Siegmund (biletkunst, lys)
Isabel Sörling (sang, gitar)
David Sundby (slagverk)
Alexander Grieg (kontrabass)
Birgitte Bakke (hang)
John Hegre (gitar)
Per Inge Hove (piano)
Hildegunn Øiseth (trompet, bukkehorn)
Ivar Orvedal (poesi, koordinator)

Arrangøren, Mårenbiennalen (ved Ivar Orvedal), formulerer denne programerkæringa:

”Den finaste tradisjonen er ikkje kunsten å kopiere, men kunsten å lytte og å gjere samtalen til eit spennande rom for gransking og undring. NOVEMBERakt lovar mange sanseinntrykk.(...)”



Og slik har arrangøren presentert elleve av dei fargerike utøvarane:
* Danitza Olea (dans) framifrå dansar og danselærar i flamenco og ballett med utdannelse og erfaring frå heimlandet Argentina og seinare Chile og Spania. Har sidan 2005 bygd opp dansestudio i Bergen.

* Hildegunn Øiseth (trompet, bukkehorn) er mellom våre finaste på trompet. Bukkehorn tok ho til å spele i samband med sufisermoniar i Pakistan. Etter mange år på reise i Afrika, Asia og Midt Austen kjem ho heim og imponerar.

* Karina Siegmund (biletkunst) opprinneleg frå Tyskland har eit av dei 31 verka (av 721 anonymt vurderte) som er utvald til Nasjonalmuseet si mønstring 2011. Overraskar med digital vev og lyssetting av tekst og struktur.

* Isabel Sörling (sang, gitar) frå Göteborg er det rom for ved sida av våre favorittvokalistar, nemn kven du vil. Ei utforskande stemme med karakter av personleg visjon og erfaring.

* David Sundby (slagverk) opprinneleg frå Bergen busett i Gøteborg er vidarekomen i improvisasjonsmusikk og trommeslagar i legendariske Mwendo Dawa (Nordens banebrytande parallell til Weather Report).

* Alexander Grieg (kontrabass) spelar på ein violone frå begynnelsen av 1700-talet, og spranget frå fordomsfri seinbarokk til vår tids uavhengige groove er ei trollbindande øving. Alex har mange jern i elden og samarbeidar mellom anna med HP Gundersen i The Last Hurrah!!

* Per Inge Hove (piano) til dagleg organist i Sandvikskirken, komponist og imrovisasjonskunstnar og ein av dei sjeldne utøvarane som levandegjer tradisjonen etter Ragnar Vigdal.

* John Hegre (gitar) er vår fremste skjønner når det gjeld å skru lyd og å oppdage nye klangar i spekteret frå det skremmande til det tiltrekkande.

* Birgitte Bakke (hang) den eine av to i Norge som er innehavar av -og utøvar på det sjeldne overtone-instrumentet hang. Eit ankerpunkt i Novemberakt sin granskande og undrande samtale.