Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2011

Jon Hjørneviks produktive vers
Tirsdag 29.

Brageprisen
Mandag 28.

Mellom kjærleik og skam
Mandag 21.

Poesien i 2011
Lørdag 19.

NOVEMBERakt
Torsdag 17.

Kina-veke
Søndag 13.

Forsking + formidling
Torsdag 10.

Finst norsk avantgarde?
Torsdag 3.

Torsdag 10. November 2011

Forsking + formidling

På 1980-talet hadde eg ei rolle med å informere i avis kva ulike tidsskrift hadde å by på. Dette galdt også fleire nummer av tidsskriftet Materialisten.

Materialisten er eit ”tverrfagleg tidsskrift for forskingsformidling, teoretisk debatt, fagkritikk og samfunnskritikk”. Ikkje lite det. Tidsskriftet har levd sitt liv i 38 år etter ein fødsel på 1970-talet og har halde koken.

*

Kriminologisk institutt har vore sentret for Materialisten mesteparten av tida. Ikkje minst skuldast dette personen Cecilie Høigård. Og Nordens største institutt for kriminologi og rettssosiologi (med 30 tilsette) er norsk. Det er altså dette instituttet vi har med å gjere.

Kvifor er instituttet så stort? Dei norske kriminologane har vore svært kjende for samfunnsengasjementet sitt, frå generasjonen med Anders Bratholm, Nils Christie og Thomas Mathiesen av og vidare til det breie oppkommet av kvinnelege professorar i generasjonen etter, Cecilie Høigård, Kjersti Ericsson, Liv Finstad og fleire. Her trur eg at forklåringa finst.

*

Når eg nemner akkurat desse tre namna av ein god del fleire, er det fordi hos desse kjem også det skjønnlitterære engasjementet til, skjønnlitteratur for å nå ut med opplysning, til liks med (ein eller annan gong i livet) godt tak i den praktiske og politiske oppgåva.

Her på nettstaden for poesi bruker eg poeten av dei tre som døme. Kjersti Ericsson, som også er ein feira romanforfattar, starta som poet i 1968. Ho var partileiar i AKP (m-l) i 1980-åra. Eg har vald eit Brecht-inspirert dikt frå diktutgjevinga hennar i 1990:


TIL ALLE JENTENE JEG HAR SLÅSS AMMEN MED


Et jentehjerte
fikk vi med på veien
rotete og overfylt
som ei gammaldags
krambu.
Så mange småting
å passe på
så mange
som gikk ut og inn
med krav og handlelister.
Vi måtte holde oppe
også etter stengetid.

Si ikke
at jentehjerter ikke duger
til krig.
Vi gikk i krigen
for saker
og store prinsipper.
Men vi holdt
krambua oppe.

Og hver dag
kom den vesle jenta
hun som aldri fikk sagt
hva hun ville ha.


Dermed tilbake til Materialisten igjen og tidsskriftets sitt nye nummer (2/11). Leiaren, ”Kjent eller fremmed?” er skrive av Cecilie Høigård, som er tilbake som redaktør for det stødige tverrfaglege tidsskriftet. I leiarartikkelen ser Høigård 22. juli i eit kriminologisk perspektiv og prøver som ulike andre å ta det store tidsskiljet frå 22. juli i år innover seg.

Den neste artikkelen i Materialisten - skrive av Monika Lindbekk - heiter noko så innbydande som ”VÅRSTEMNING I AKADEMIA. Fornuft og følelse i den egyptiske revolusjonen”. Denne las eg alle 24 sidene av på strak arm, fordi det var viktig og godt skrive.