Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2011

Forlaget Attåt
Mandag 31.

Restart posisjonar!
Onsdag 19.

Aksjonar mot nyliberalismen
Søndag 16.

Alltid nyheter av Monica Isakstuen
Onsdag 12.

Svensk nobelpris
Fredag 7.

Helge Stangnes med ny
Onsdag 5.

Walid al-Kubaisi og Wergeland
Søndag 2.

Eldredagen
Lørdag 1.

Onsdag 19. Oktober 2011

Restart posisjonar!

For nokre decennium sidan melde eg kulturstoff og tidskrift for ei avis. Mellom anna tok eg føre meg somme temanummer av Human-Etisk Forbund sitt periodiske blad. Men generelt å melde kulturelle tidsskrift det fell vel nokså utanom ramma for denne nettstaden (som er for lyrikk).

Likevel. Etter den 22/7 har tankeverksemda i Noreg blitt endra. Alle går inn i seg sjølve for å restarte metodikk og posisjonar. Også kvartalsavisa Fri Tanke gjer dette, ei fyldig avis som kjem med sitt nummer 3-4 av året. Eg vil derfor sjå litt på dette. Utgjevar er (slik som før) Human-Etisk Forbund, eller «humanistane», fritenkjarane, som dei også blir kalla. Og kvartalsavisa har lenge vore relativt journalistisk og ubunden og open, noko eg og mange har likt.

No ser vi alle at nummer 3-4 har mykje stoff og innfallsvinklar som reflekterer det internasjonale terroråtaket på Oslo og Utøya og implikasjonane av dette. Dette som stutt opplysning. Og du kan lese avisa i pd-format på denne lenka (trykk på FriTanke PDF pluss ”last ned”).