Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2011

Å snakke seg inn i dikt
Onsdag 29.

Ellen Einans dikt på NRK
Fredag 24.

Feire avtale
Onsdag 22.

Veret og veret
Mandag 20.

Tema: Dag Solstad
Torsdag 16.

Engasjement og ord i gata
Mandag 13.

Waits på svenska
Søndag 12.

Sjølvaste avantgardisten
Lørdag 11.

Sol på alle mine berg
Mandag 6.

Fredag 24. Juni 2011

Ellen Einans dikt på NRK


Diktafon kjem med radio og dikt kvar veke. Dette skjer på NRK2. Dei sist laga programma er 4/6 og 11/6 og 18/6, men NRK sender kvart program fleire gonger, og du kan også ta dei ut frå nettet i etterkant .

Programleiaren Annelita Meinich følgjer opp med radiojournalistikk, slik også forgjengaren Mona Vetrhus satsa.

- Til dømes programmet 4/6 om Ellen Einan, som nyleg fylte 80 år. Der intervjuar Meinich Jan Erik Vold, som har redigert Einans samla dikt fram til 2009. Og vi høyrer både Ellen Einan lese sine dikt og Jan Erik Vold lese Einans dikt.

- Til dømes programmet 11/6 om den nyleg utgjevne store barnedikt-boka Sølvbåt og stjernevind. Der intervjuar Meinich både opplesaren i programmet og ein av dei fem illustratørane i boka, Hilde Kramer, samt Per Olav Kaldestad, som saman med Hanne Bramnes har redigert den innhaldsrike og spennande nye barnediktboka. Og vi får høyre at Kramer og Kaldestad skal ut på bibliotekturné.



***

Eg har fått samla dikt av Ellen Einan i hende frå redaktøren av boka.. Det er ofte fleire dikt på kvar side her, og Einan uttrykkjer seg fyndig kort; i alt over tusen dikt sidan debuten i 1978 er med her. Vel. Når eg bladde opp på ei tilfeldig side, litt over midten, side 270, kom eg til diktet ER DENNE VEI TIL DANSEN?




Er denne vei til dansen?
Ja, frue. Ja.
Er dette huset der Jesus bor?
Ja, søster, ja.

Er dette bleke skinn fra offerbålet?
Ja, søster.
Jeg ser en gold egn.
Ja.
En søvnslette?

Ja.


Her er samanstillinga av spørsmål fantastisk, tykkjer eg. Og dette er ei bok som ber om å bli lese. Både Ellen Einan og Gunvor Hofmo er store sibyller, slik Jan Erik Vold er inne på i etterordet, dei to er store norske poetar med europeiske format. Hofmo peikar tydeleg inn i soga om andre verdskrig og krev kanskje meir av forkunnskapar hos lesaren. Så eg tykkjer kanskje Ellen Einan, som no er fylt 80 år, er aller størst av dei to. Einan tar svært mykje ut.