Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2011

Å snakke seg inn i dikt
Onsdag 29.

Ellen Einans dikt på NRK
Fredag 24.

Feire avtale
Onsdag 22.

Veret og veret
Mandag 20.

Tema: Dag Solstad
Torsdag 16.

Engasjement og ord i gata
Mandag 13.

Waits på svenska
Søndag 12.

Sjølvaste avantgardisten
Lørdag 11.

Sol på alle mine berg
Mandag 6.

Mandag 6. Juni 2011

Sol på alle mine berg

Det er snart torsdag 9. juni kl. 19.00 og Telemarksstemning på Henrik Ibsen Museum, Venstøp: ”Vår tradisjonsrike junikveld”; denne gongen markerer ein at det er 100 år sidan Halvor J. Sandsdalen blei fødd.

Da blir det sikkert også KOM SOL PÅ ALLE MINE BERG av jubilanten, trur eg, sidan gjestene ved markeringa skal vere: Kjell Oskar Selman, Sigmund Groven, Geirr Lystrup og Ivar Anton Waagaard.

Arrangøren melder at arrangementet er støtta av Norsk kulturråd, Skien kommune og Sparebank 1 Telemark.

Kan eg så taka titteldiktet hos Halvor J. Sandsdalen i boka Drakevind frå 1966 (dikt nummer to i første avdeling):



Gutungane spring med draken
over jordet,
renner på tynne bein
etter einane,
med augo hardt oppspila
og håret strittande til vers.

Attom dansar draken
i snøret,
lyfter seg
og stig i motvinden.

Men reina tek ende
og steinmuren stengjer
og medvinden
slår draken i bakken
ved å puste på han.
- -

Alltid er her drakevind
ein eller annan stad.
Alltid søkjarar ute
for å finne skeidplassar.
Støtt er det nokon
som ærar drakedragarane.