Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2011

Politiske og debutantar?
Tirsdag 24.

The times they are a-changin'
Mandag 23.

Utopi i poesi
Onsdag 18.

Elyseiske sletter
Onsdag 11.

Illustrasjonar og dikt
Torsdag 5.

Poesi og Alabama
Tirsdag 3.

Torsdag 5. Mai 2011

Illustrasjonar og dikt

Korleis les ein illustratør og kunstnar dikt? Hilde Kramer har vore med på å illustrere «Den nye barnediktboka». Her er hennar kommentarar (lenger ute i omtalen på hennar nettstad kjem eksempel-detaljane).






__________
Ps 6. mai 2011:

Boklansering blir i Bergen 12. mai. Litteraturhuset kl 11.

Hilde Myklebust er ein av dei som skal i elden på boklanseringa. Her kunne eg tenkje meg å sitere frå boka diktet hennar som har tittelen

Spindelband:

Sjå, vevkjerringa har det visst travelt i dag
for det blæs ein slik fin nettspinningsvind
Ho vil spinne eit nett mellom to store steinar
Dei største ho finn!

Ho kryp opp på ein stein med lav
Kravlar rundt med åttebeint varsemd
og granskar kartet på steinflata der
No er eg altså her, tenkjer ho
Så skal eg altså dit, tenkjer ho
og ser bort på den andre steinen

Så pluggar ho spindelet fast i ein lyngkvast
Stiller seg klar på kanten av steinen og ventar
Når vindkastet kjem fyk ho av garde
i eit tynt glinsande spindelband