Heim > Nytt | 2019 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 |
Nytt Mai 2011
Politiske - og debutantar?
Tirsdag 24.
The times they are a-changin'
Mandag 23.
Utopi i poesi
Onsdag 18.
Elyseiske sletter
Onsdag 11.
Illustrasjonar og dikt
Torsdag 5.
Poesi og Alabama
Tirsdag 3.
Tirsdag 3. Mai 2011
Poesi og Alabama
I dag fyller Pete Seeger 92 år. Han er kjend for songar som «Where Have All the Flowers Gone» og «If I had a Hammer» og «We shall overcome». Det er ikkje lenge sidan eg høyrde at han var aktiv. Her er wikipedia .
*
Nettstaden Poesiportalen er ute med ei melding av Helge Torvunds nye diktbok Alabama?. Eirik Boye (som kallar seg poesibloggar) er entusiastisk .
Ps 23. mai:
No når eg sit med Alabama, får eg lyst til å sitere eit dikt som har ein ikkje for vanleg vinkel i litteraturen. For! Barn sine litterære arbeid om ein far, dette er ting som vi kjenner godt til. Men kva med ein mogen far sine tematiske vitjingar til eigne vaksne born? Helge Torvund gjer dette i boka Alabama?... Eg veit sjølv - om ikkje frå den skrivne litteraturen - at Torvund har mange døtre; likevel lener han seg godt tilbake i diktet BRÅTT FRAMME og slappar av:
Når eg no, få månader etter, tenkjer på boka Alabama, kjem eg i hug at Helge Torvund brukte Twitter for å komme ut med dikta sine og også lykkast med det, ifølgje Klassekampen .

På lokaltoget til Egersund med ei av døtrene mine
som skal vidare med Oslotoget til Tigerstaden
Lyset frå snøknausane utanfor blitsar forbi
Innelukka i fart og ei merkeleg stille
fér mer fram langs strå og vatn med kvarandre
Eg tenker på all sut og otte ein har
for slike menneskeminiatyrar som småbarn er
Alt eg har passa på og tenkt og håpa og
sett for meg kunne koma mot oss frå framtida
Eg ser meg om i toget Ser på dei andre Vaksne Barn
Ein schæfer Lyset frå snøen og lampene i taket
Og brått slår det inn i meg med uventa kraft:
Alle liv er fullkomne kvar augneblink Kvart nå
Det finst ingenting å venta på
Når eg no, få månader etter, tenkjer på boka Alabama, kjem eg i hug at Helge Torvund brukte Twitter for å komme ut med dikta sine og også lykkast med det, ifølgje Klassekampen .