Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2011

Solidaritet i litteratur
Lørdag 30.

Kor går Forlaget Attåt?
Onsdag 27.

Dikt i 2011 -
Tirsdag 26.

Sakral dyrisk stemning
Tirsdag 19.

Monica Aasprongs debatt
Mandag 18.

Ved påsketider
Onsdag 13.

Historia
Tirsdag 12.

Song og dans
Fredag 8.

Wenche Foss er død
Tirsdag 5.

Eit krigsspel
Fredag 1.

Tirsdag 12. April 2011

Historia

Sist veke runda Noregs eldste, Helene Nilsen, som er født i Kragerø, 110 år. Det er Jimmy Åsen i Kragerø Blad Vestmar som melder frå om dette, etter å ha sett eit oppslag i Drammens Tidende. Der gifta Helene Nilsen seg i si tid og bur no og blir intervjua - .

Ho blei tidleg morlaus, som berre sjuåring, Helene Nilsen. På grunn av sjukdommane på den tida så mista born mødrene, og familiar mista born. Likevel var 1900 ein oppgang for Noreg på grunn av seglskutetid og iseksport. Ikkje minst Kragerø var i framgang og hadde faktisk 3000 fleire innbyggjarar enn kommunen har i vår tid... Helenes far han åtte seglskuter, og han kunne vere borte frå familien fleire år om gongen. Dette fortel både Drammens Tidende og Kragerø Blad Vestmar lesarane sine.

Helene Nilsen var flink til å fortelje frå gamle dagar, blir det sagt. Her lar eg kunstnaren Theodor Kittelsen, barnefødd i Kragerø, men kjend over heile landet, fortelje om ”Fattigmanden” som møter ei gammal kjerring. Dette i form av eit skriftleg dikt (frå år 1900):



Han kjender hvert skridt
hver stud og hvert træ.
De samme spor,
de samme tanker.

Den veien har han trasket
i mange aar.
Tanken er blit
en ensformig sang:
”Jeg kjender hver busk,
jeg kjender hvert blad,
hver lyd, hvert skridt,
hvert solstreif i skyggen.”

Veien er lang –
lang. –
En hakkespæt trommer
paa en raadden stamme.
En kraake skriger.
Et ekorn rasler lidt.
Ellers er alt
Saa blikkende stille, -
saa stilt at bække-
duren skræmmer.

Kommer der nogen? - -
Var det ikke det
han syn’s.
Der oppe i svingen
kommer en gammel
kroget kjærring,
med rive og lime

Hun rokker med hodet,
kommer lige paa ham.
Ser ham ind i synet
med stikkende, skjelende,
onde øine.
Gir ham en vissen
skjælvende haand,
bare skind og ben,
gulgraa og fuld af
blaasorte flækker.



Diktet er sitert frå antologien Moderne norsk lyrikk. Frie vers 1890-1980. (Redigert av Kjell Heggelund og Jan Erik Vold.) Theodor Kittelsen gjorde fleire skumle teikningar av den omtalte kjerringa, som han kalte for pesta. Eg trur det er slik det heng saman. Og i dag har ein moderne kunstnar laga ein uteskulptur av henne, som står på Skåtøy og blir mykje sett om sommaren.




Ps 18/4-2011, eit kuriosum:

Kven er aller eldst? For eit par dagar sidan såg vi - i media - at verdas eldste mann var gått bort, ein amerikanar, han blei 114 år gammal.




Ps 17/11-2011, slutten:
Mange er opptatte av skjebnen til Helene Nilsen, fødd i 1901, dette kan sjåast på nettet. I dag melder Kragerø Blad Vestmar, som skreiv om Noregs eldste også i april, at Helene Andrea Nilsen, fødd Paulsen (i Kragerø), er gått bort. Det skjedde 30. oktober. Dei siste åra har Helene Nilsen, etter å ha drive urmakerforretning med mannen sin på Rjukan (i 46 år), altså budd i Drammen.