Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2011

Solidaritet i litteratur
Lørdag 30.

Kor går Forlaget Attåt?
Onsdag 27.

Dikt i 2011 -
Tirsdag 26.

Sakral dyrisk stemning
Tirsdag 19.

Monica Aasprongs debatt
Mandag 18.

Ved påsketider
Onsdag 13.

Historia
Tirsdag 12.

Song og dans
Fredag 8.

Wenche Foss er død
Tirsdag 5.

Eit krigsspel
Fredag 1.

Fredag 8. April 2011

Song og dans

Dagen i dag er romfolket sin nasjonaldag. Eg tenkjer på romfolket som artistar. Ein av dei aller beste melodiane eg veit om i dynamikk, er ”sigøyner-velkomstmelodi”, ein russisk folkemelodi.
Raya Bielenberg er International Romani Unions representant i Norge. Hun er en internasjonalt kjent sanger med bakgrunn fra bl.a. Teatr Romen i Moskva. Siden 1999 har hun vært arrangør av den årlige internasjonale sigøynerfestivalen Iagori i Norge. Kjelde: Store norske leksikon .
Her er meir om Raya.

_____________


Harald Sverdrup skreiv følgjande dikt tileigna Otto Johansens bok Sigøynernes Holocaust (diktet sitert etter Fritanke.no).



Svarttrosten er dødens fugl,
med mørke fjær omkring vårt hjerte.
Sangen har en mildhet uten like.
Fuglenebbet er en spydspiss svidd av sol.

Sangen springer ut av landeveissigøynernes
århundrelange sorg. Den svever ut av
konsentrasjonsleirjødenes siste verdighet.
Og ut av vår vesle grå fortvilelse
i skumringstimene under trærne


Med det same vil eg ta med Vi er sju av William Wordsworth, her sitert etter Et møtested for oss romani . Dette er ein nettstad med dokument og anna stoff.


Vi er sju



Ei lita jente møtte eg
ein gong på framand stad.
Ho kom mot meg med lette steg,
og smilte, trygg og glad.

Ho var vel ein sju - åtte år,
var fattig kledd, men sunn
og vakker, med sitt mjuke hår
og kjaken frisk og rund.

«Kor mange sysken har vel du?»
sa eg. Straks fekk eg svar :
«Kor mange sysken? Vi er sju.
Sju born har mor og far.»

«Kvar er dei andre?» sa eg så
og atter svara ho:
«To er i byen, langt herfrå,
og ut til sjøs drog to.

To ligg på kyrkjegarden her,
ei syster og ein bror.
Og i et hus tett innmed der,
bur eg med far og mor.»

Eg drygde litt, så spurde eg:
«Og enda seier du
at de er sju?» - ho såg på meg,
ho sa : «Ja, vi er sju.»

«Men kjære barn, du veit da visst :
Om fire heim att kjem,
er to av dykk for evig mist,
no er de bare fem!»

«På gravene veks blom og gras»,
sa veslejenta fort,
«eg ser dei frå vårt kjøkenglas
og tidt eg spring dit bort.

Der er eg alltid trygg og sæl,
eg set meg der og syr,
eg syng for dei, og tidt fortel
eg dei et eventyr.


Og mang ein kveld når sol går ned
og det er vakkert ver,
da tek eg mjølk og niste med,
så et eg kveldsmat der.

Først døde Anna, syster mi.
Ho sjukna inn så brått.
Ho låg og leid ei lita tid,
men så fekk ho det godt.

Da snøen kom og la seg til,
så eg fekk ut på ski,
vart Veslebror og kvit og still
og gjekk til syster mi.»

«Men vesle jente, desse to
er døde, skjøner du!
Kor mange sysken har du no?»
Ho svara : «Vi er sju.»

«Men dei er døde, barnet mitt!
I himlen får dei bu!»
- Den vesle jenta stod på sitt,
ho svara, like fast og blidt :
«Ja, visst. Og vi er sju.»