Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2011

Solidaritet i litteratur
Lørdag 30.

Kor går Forlaget Attåt?
Onsdag 27.

Dikt i 2011 -
Tirsdag 26.

Sakral dyrisk stemning
Tirsdag 19.

Monica Aasprongs debatt
Mandag 18.

Ved påsketider
Onsdag 13.

Historia
Tirsdag 12.

Song og dans
Fredag 8.

Wenche Foss er død
Tirsdag 5.

Eit krigsspel
Fredag 1.

Fredag 1. April 2011

Eit krigsspel

Månaden blei ein krigsmånad. Mars. Opplysning blei underlagt krigen. Krigsstrategi er ein heilag storleik, men med mykje lureri.

Media spør aldri når det gjeld openberre spørsmål... Media lar ikkje eingong spørsmål stå opne - .

Kvifor hadde Kaddafi så mange stridsvogner intakte som han kunne bruke, og fekk bruke fritt, i offensiven mot opprørarane? Hadde regimet kanskje skaffa seg nye våpen? Kvar ifrå? Kvifor blir ikkje dei langt-rekkjande våpna til Kaddafi-leiren uskadeleggjorte i denne fasen? Eit hovudmål nummer 1 - . Var dette som skjedde, eit spel frå NATO, NATO som samtidig vurderte å gje opprørarane amerikanske våpen?

Hadde Kaddafi verkeleg fått hjelp frå afrikanske land, slik opprørarar sjølve meinte på? Men ingen tar og stiller spørsmålet vidare. Media er berre «overraska» over motaksjonen frå Tripoli. Det går fleire dagar. Og det einaste interessante spørsmålet tykkjest vere om opprørarane skal bli gjevne våpen, dvs få våpen av USA, eller ikkje. Eit spørsmål utan bakgrunn - .

Det at Kaddafi-regimet har støtte i andre afrikanske land ville vel ikkje vere heilt overraskande. Berre eit par arabiske land hadde blitt trukne inn i krigen på opprørarane si side, etter dagane med bombing av militære mål. For å handheve ei såkalt ”flyforbodsone” (terminologien i FN). Ligg det t.d ein løynd avtale under, ein forsøksvis avtale mellom Kaddafi og NATO om at Libya skal delast i to, i ein austleg og vestleg del?

Og meir:
Ja, kven var alle flyktningane til den italienske øya? Var det folk frå Kaddafi-områda eller frå opprørsområda, var det t.d flyktande gjestearbeidarar under Kaddafi-styret i Libya? Kvifor i all verda blei ikkje desse spørsmåla stilte av Nrk? Det var journalistar på den italienske Lampedusa. Sagt på ein annan måte: Kvifor blir ikkje vanlege folk og vanlege offer stilt eit einaste spørsmål! Alt blir avpersonifisert. Krev krigen at berre offisielle utsegner – frå anten opprørarane eller frå dei sensurerte media i Tripoli – blir presenterte og eventuelt følgde opp?



*

Da går eg heller over til eit dikt, den syriske poeten Adonis (= psevdonym) sitt dikt «MITT HJEMLAND SØKER TILFLUKT I MEG». Dette diktet er henta frå boka Verden finnes ikke på kartet (2010), redigert av Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness. Omsetjar er Anne Aabakken:





La mitt ansikt være skygge!
En tidsalder fra den lidenskapelige steinen går rundt meg, ildens første elsker. Ilden er svanger.
Mine dager er en hunn-ild med blod under sine bryster, klirring og armhuler som brønner av tårer og en villfaren elv. Solen klistrer seg til henne som kjole, glir.
Et sår som hun får til å spre seg og nører opp med potens og krydder. (Er dette ditt foster?)
Mine sorger er roser.
Jeg begynte på gressets skole. Min panne er skrukken, og mitt blod kvitter seg med sin hersker:

- Hva skal jeg gjøre, tro? Skal jeg pakke byen inn i brød? Jeg blei strødd ut i en søylegang av ild.
- Vi delte kongens blod og sultet.
Vi bærer tidene,
blander småstein med stjerner
og driver skyene
som en flokk hester.




Stilen hos Adoni er langt unna alle slags tradisjonelle forsøk på nyenkel poesi. Vel. Adonis sitt verkelege namn er Ali Ahmad Sa'id. Han blei fødd i 1930.






Ps 27/8:
Tilbake til Libya-krigen igjen.
Her legg eg ut den engelske journalisten Robert Fisks kommentar i desse dagane med NATO som sigrar.