Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2011

BuVidLe
Tirsdag 29.

Komme no som pocketbok
Torsdag 24.

Språkskifte
Tirsdag 22.

Bok om avantgardismen i Noreg
Onsdag 16.

Regn i Hiroshima
Tirsdag 15.

Kvinnesak
Tirsdag 8.

Domino
Søndag 6.

Jens Zetlitz
Onsdag 2.

Tirsdag 15. Mars 2011

Regn i Hiroshima

Alt vondt kjem over Japan no. Jordskjelv, sunami, kjernefysisk katastrofe, økonomisk katastrofe. Og desse katastrofene heng saman. Og heng saman med verda sine verste problem. Ein får heile tida kjensle av at opplysningar om omfang av problem blir sinka og haldne tilbake av ekspertar og media.

Hittil har ingen kommentator her heime nemnd katastrofene som hende byane Hiroshima og Nagasaki 1945. Byane blei utsletta av amerikanske atombomber i slutten av den siste verdskrigen. Ingen minner om den kjernefysiske skaden som følgde med. Skaden på japanarane.

I Noreg skreiv Tarjei Vesaas om Hiroshima-bomba i eit dikt. Diktet finst i Leiken og lynet (1947). Men få stader finst minningar i norsk litteratur. Her er diktet som han kalte «Regn over Hiroshima»:



I det ho lyfta handa
for å ta tekanna
kom eit blindande ljos –

var ikkje meir
alt var borte
dei var borte
omlaga til damp og sky,
gåtefullt, oppstigande og stumt.
Rop var ikkje rop i dette.
Men jorda slo høgt og vilt
ein knyttneve mot himmelen
ved mishandling,
– ved det attlevande veit
verda rundt
men ikkje orkar fatte:
Hiroshima –

Stigande milevide slør,
dei var i det,
gått attende til ei urform.
Ein skjerm av damp
over ei pint jord.
Vera eit grann av dette.

Vera i det bortdragande –
Men ikkje lenge.
Det drog snart meir frå kaos.
Sløret vart dropar tett i tett,
i dropens evige skapnad
utan byrjing eller slutt.

Dei fall,
svalande, utalde,
i tungt regn nedover –


Og vi har Alain Resnais film Hiroshima mon amour frå 1959. Dette var ein montasjefilm. Eg har sett han fleire gonger. Mest ingen no for tida nemner atomvåpna i verda. Det er eit unntak: Når Iran kjem på tale. Men Iran har ikkje atomvåpen.