Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2011

BuVidLe
Tirsdag 29.

Komme no som pocketbok
Torsdag 24.

Språkskifte
Tirsdag 22.

Bok om avantgardismen i Noreg
Onsdag 16.

Regn i Hiroshima
Tirsdag 15.

Kvinnesak
Tirsdag 8.

Domino
Søndag 6.

Jens Zetlitz
Onsdag 2.

Søndag 6. Mars 2011

Domino

Mange snakkar om opprør i Frankrike, og dette vil seie opprør i eit land. Men Frankrike er ikkje opprør. Opprør er noko som går føre seg i (takt med) verda, vil eg tru, og som er nytt nivå eller rett og slett heilt nytt!

Gradvis avdekkast samanhengane. Sveitsiske Adecco tener bra og er over mange land med sitt nett. Vi snakkar om eit byggverk, og dette byggverket er likevel ikkje så solid og sikkert som ein trudde. Iallfall er ikkje det norske byggverket solid nok imot fagrørsle og den almenne rettferdskjensla som rår. Det skjer ein domino-verknad frå dag til dag som spreier seg i alle retningar, etter tidspunktet for NRKs bråe avslørande reportasje frå Ammerudlunden sjukeheim i det blåstyrte Oslo.

Omtrent i same renn ser vi ein dominoeffekt i den arabiske verda, eit brått og heller uventa politisk opprør sett med norske auge. Det byrja med Tunis, der presidenten snart måtte trekkje seg etter omfattande demonstrasjonar. Desse dagane under intenst ski-VM er det hendingar i Libya som står på dagsorden, etter at Khadaffi, med førti år ved makta, møter militær motstand. Og opposisjonen mot Khadaffi vil ikkje bruke hjelp av frammande soldatar, men utføre frigjeringsverket sitt sjølv. I Libya er det krig og dermed automatisk medfølgjande krigspropaganda, noko som folk ikkje kan forstå samanhengen i ved første augnekast.

Ved opprør vil folk ikkje vere del av det vanlege apparatet. Overalt observerer media nye folk og nye metodar, ofte unge folk som ser seg som ein del av samfunnet, men forskjellig frå makteliten.

Spørsmålet mitt er: Kan vi sjå det same opprøret rundt i verda? Er det slektskap mellom dominoverknaden i Noreg og dominoeffekten som byrja i dei arabiske landa?


----
Her er ei lenke til norsk domino i dei kommunale tenestene ned til lokalt plan. Frå desember til mars.