Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2011

Stor stemme til intens tekst
Onsdag 23.

Parodiar og J. Ø. Flink
Torsdag 17.

Avantgardediskusjonar
Mandag 14.

Egypt i dikt?
Torsdag 10.

Orvil til musikk
Tirsdag 8.

Oppteljing av lyrikk -
Onsdag 2.

Torsdag 10. Februar 2011

Egypt i dikt?

Frå Ivar Orvedal får eg denne informasjonen om eit arrangement: «for Egypt i februar».

Cafe Sanaa, Marken 31, Bergen
fredag 11/2 kl 21 (gratis)

* Qeis Abu Nada (Palestina - sang, tangentar)
* Ivar Orvedal (poesi, perkusjon, frekvensar)
* Kristine Klubben (trompet)
* Eva Pfitzenmaier (sang)
* Ole Ludvig Krüger (trommer)
* Kristine Nilsen Oma (performance)

.....og kanskje kjem Lubna (Syria, sang) og andre inspirerte venner.
Eimande og smidig, sang og dansetonar frå midtausten i møte med leikande vestlendingar. Spontant musisk møte tileigna demokratisk arbeid for fred, forsoning, forståing og kjærleik.


________
Konserten er bra gjort av Ivar Orvedal og gjengen han er med i! tykkjer eg.

I 1855 skreiv den unge Ibsen eit dikt med bilete frå Egypt retta mot dei passive:
Har Du om Memnonstøtten hørt fortælle,
Et Billed af Granit i Østerland?
Naar Morgenrøden farved´ Ørknens Sand,
En Tonestrøm fra Støtten lød med Vælde,
Men selv den stirred, kold som Vintrens Fjelde,
Med sjælløst Blik mod Østens Himmelrand.
Saa stod den Aar for Aar i sløve Drømme, -
Thi kun fra Læben monne Klangen strømme.

Dette biletet av daud passivitet er meint som ei åtvaring mot alle som berre snakkar, utan å omsetje fridomsdraumanene til røynd, skriv Vigdis Ystad i ein Ibsen-artikkel som er på nettet - . No for tida tykkjest dei mange egyptarane som demonstrerer imot regimet (ser eg) vere eit stort førebilete i den arabiske verda og kanskje også i resten av verda.

*
Medan vi skriv om Egypt, syner NRK fjernsynet bilete av folkemengda i Kairo, og meldinga kjem til Oslo at president Mobarak har bøygd seg for den folkelege overmakta og gått av!